Opptil 100 nye arbeidsplassar i framtidsretta fabrikk ved Sognefjorden
På Kyrkjebø er Nordic Power Systems (NPS) i gang med planane for å byggje fabrikk. Viss produksjonen og salet av brenselsceller går godt, kan talet på tilsette kome opp i 100 om nokre år.
– Vi har kome så langt med utviklinga av teknologien, at vi er trygge nok til å gå vidare med planane, seier administrerande direktør Tor Geir Engebrektsen i Nordic Power Systems AS til Firda.
– Ny teknologi tek alltid lang tid å utvikle. Det har vore mange motbakkar, seier Engebrektsen, om utviklinga av brenselcellene som skal kunne nyttast som drivstoff i mellom anna køyretøy. Han fortel at den største utfordringa dei siste 3,5 åra har vore å få teknologien til å fungere.
Ifølgje direktøren vil den nye fabrikken (sjå illustrasjonen) vere ferdig i 2012, men verksemda vil starte aktiviteten før dette.
– Vi startar opp i midlertidige lokale i Høyanger. Nokre tilsette frå Høyanger skal få opplæring i Porsgrunn, slik at vi gradvis kan komme i gang med aktiviteten. Når fabrikken står klar i 2012, så vil vi ha 20–25 personar i arbeid i første omgang. Går vi godt treng vi 60–80 tilsette. Viss vi går riktig godt, vil vi kanskje kome opp i 100 tilsette, seier Engebrektsen.






Kommentarer på artikkelen “Opptil 100 nye arbeidsplassar i framtidsretta fabrikk ved Sognefjorden”
Skriv din kommentar