Slik gjekk det då Karina kunne velje mellom New York og Sunnfjord…

publisert 20.02.2012 av Redaksjonen

Kjærleiken til materialar har vore ein raud tråd gjennom utdanninga til Karina. Og nyfikna. Dette førte til at ho kom til Dale i Fjaler: – Eg likar å reise og utforske nye kulturar og nye fargar. Eg er ei veldig nysgjerrig jente som ikkje tek eit nei for eit nei, og det er fantastisk å sjå at dei ideane eg har hatt sidan eg byrja å studere no resulterer i mitt eige studio.


Arbeidsbordet til Karina Siegmund.

FAKTA:



Karina Siegmund (32)

Gründer og tekstildesignar i enkeltpersonbedrifta Studio Soft.

Mastergrad og sju-årig designutdanning frå Tyskland.

Bur og arbeider i Dale i Fjaler i Sunnfjord / HAFS-regionen. Fødd i Tyskland i Erfurt i delstaten Thüringen.

Oppvaksen i den nærliggjande kulturbyen Weimar, som var senter for Bauhaus-rørsla. Bauhaus var var ein tysk høgskule for formgjeving og anvendt arkitektur. Byen har ei rekkje kunstgalleri, museum, det tyske nasjonalteateret og Bauhaus-universitetet.

På fritida trivs ho med snø, og likar å stå på snowboard.

Karina sine nettsider:
Nettstad: karinasiegmund.com
Blogg: Poetic Realism
Facebookside

Andre relevante nettstadar:
Fjaler Næringsutvikling
Fjord Inkubator

Innovasjon Norge

Tyske Karina Siegmund kom første gong til Dale i Fjaler kommune i 2006 for å vere med på workshop hos Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen, og i 2007 vart ho prosjektleiar for Nordic Materials, som er materialbiblioteket til designsenteret Transplant. Og ho trivdest. Karina har også kjøpt hus med hage, der ho bur med dottera Hannah på tre år.
– Eg elskar å jobbe i hagen, og dyrke salat og grønsaker. Og det å ha hage er ekstra kjekt for dottera mi.

Ideen om å lage tekstilar i stor skala til moderne arkitektur har ho hatt i mange år. I 2009 tok ho til å arbeide med ideen om å starte for seg sjølv, og i 2010 tok ho steget ut for fullt for å arbeide med forretningsideen. No har ho innreidd  studio/atelier og verkstad, og frå sommaren 2012 skal ho tilsetje ein trainee.  
– For meg er Dale ein plass der visjonar og idear har blitt røyndom; sjå på Nordisk Kunstnarsenter, United World College og Transplant, og no sist nysatsinga PreForm, som skal gjere Fjaler til knutepunkt i bygdenorge for kunstproduksjon og kreative næringar.

Fjaler kommune har ei lang historie der det internasjonale og kunst og kultur har vore viktige element i samfunnsutviklinga. Hovudverkemiddelet i PreForm-prosjektet er å vidareutvikle og synleggjere det profesjonelle fagmiljøet innan kunstproduksjon og kreative næringar, styrke infrastrukturen og knytte dei kreative miljøa nærare innbyggjarane i regionen.

– Av og til kjennest livet i Dale litt isolert, langt frå venene mine i Bergen og Tyskland. Dei hadde trudd eg kom til å flytte til New York, og er overraska over at eg valde Dale. Men eg brukar sosiale media som kommunikasjonsverktøy – utan Skype og Facebook, så hadde det truleg ikkje gått.

At Karina ikkje bur i ein verdsmetropol betyr ikkje at ho ikkje får møte menneske frå andre stader i verda:
– Eg set pris på å bu i Dale, og tykkjer det er flott å kunne møte folk frå heile verda og ta ein kopp kaffi og ha ein hyggjeleg prat med dei på kunstnarsenteret, verdsgymnaset og Transplant. Det er ikkje sikkert eg hadde hatt tid til dette i Berlin eller New York.

Karina har også vore invitert til å halde føredrag i Milano og London, planlegg Kina-tur og deltek i eit prosjekt i Bergen. I London skal ho presentere arbeida sine og halde føredrag hos ARUP, eit dansk konsulentfirma som mellom anna laga fasaden til den olympiske symjehallen i Beijing.


Webnet.

Verksemda hennar, Studio Soft, er eit kreativt studio som lagar tekstil til det arkitektoniske rommet. Ho ser på nye måtar å bruke tekstil på, og også nye tekstiltypar som interaktive og elektroniske materialar.

Nye innovative materialar gjer det mogleg å lage tekstil som bidreg med funksjon og berekraft til arkitekturen. Produkta kan til dømes vere ei gardin med solceller som kan hauste energi frå sola. Eller kva med ei gardin som også lyser opp rommet med innebygd LED-lys? Eller ein kombinasjon av begge, seier tekstilinnovatøren.

Eit anna døme er lyddempande materialar i møterom som no kan kombinerast med utsmykking på ein heilt ny måte. Karina har fokus på miljøvenlege løysingar, og er meiner det vil la seg gjere å byggje hus utan karbonutslepp og som er sjølvforsynt med straum.
– Eg kombinerer tradisjonsrikt handverk med dagens teknologi og knowhow innan nyskapande materialar og materialteknologi.

Og Karina snakkar av erfaring. Ho har arbeidd med veving i tolv år, og starta då ho var 21 år gamal og gjekk på kunsthøgskulen i Berlin der dei underviste i den gamle bauhaus-modellen. Vev var eit fag på denne skulen, og det var også undervisning i arkitektur, design og kunst.
– Denne tverrfaglege haldninga har påverka det kunstnarlege arbeidsområdet mitt. Studioet er ei blanding av kunst, design og arkitektur.

Studio Soft er i ein utviklingsfase, og har nyleg motteke støtte frå Innovasjon Norge for at Karina skal kunne arbeide meir med forretningsmodellen.
– Eg tykkjer det er lurt å investere i ein god forretningsmodell om ein vil ha suksess med bedrifta si - å finne ut kven kundane er og korleis ein kan nå dei. Eg trur det er livsviktig.
Visjonen er å selje produkta og tenestene på den internasjonale marknaden, som til dømes å lage interiør til eit hotell.

Karina er også med i Fjord Inkubator, der ho har delteke i eit aktivt nettverk med andre gründerar. Som inkubatorbedrift har ho fått tilgang til alle verktøya ei nystarta bedrift kan trenge. Karina har også vore med på Innovasjon Norge sitt program Alkymisten og kulturprogrammet Fram.


Digitalvev.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Slik gjekk det då Karina kunne velje mellom New York og Sunnfjord…”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt