Solbriller av tre
Designerduoen Sigve Bøe og Lars Sunde frå Stryn vil verken bruke plast eller aluminium når de designar solbriller. I staden lagar dei «Woodies», solbriller av norske tre.
– Det er viktig å vite at vi ikke sel solbriller, men «Woodies». Dette er to forskjellige ting i våre augee. Alle kan gå rundt med et par solbriller laga i plast eller metall.
I 2008 kom den unge designarduoen Sigve Bø (18) og Lars Sunde (20) opp med ideen om å designe solbriller laget av trevirke frå kjende naturområder rundt om i Norge. Til sin første kolleksjon ønskte dei å bruke trevirke frå Frognerparken, men Oslo kommune sette foten ned for denne planen. Sjølv om den første kolleksjonen ikkje er basert på trevirke frå eit kjent norsk landemerke, satsar Boe&Sunde på at komande kolleksjoner skal vere laga av tre med ein unik bakgrunn.
– Tenk deg ei brille laga av osp frå Geiranger eller epletre frå Hardanger. Tre frå norsk naturlandskap vil gje kvar enkelt brille ein unik identitet, seier designerane til minMote.
Lars Sunde og Sigve Bø er begge oppvaksne i Stryn i Nordfjord, som har dyrka fram andre kjende norske merkevarer som «Ricco Vero», «Skogstad», «Moods of Norway» og «Mokaii / Aloha Hemp».





Kommentarer på artikkelen “Solbriller av tre”
Skriv din kommentar