Startskot for Global Future i Sogn og Fjordane!

publisert 06.11.2010 av Redaksjonen

I starten av november starta Global Future opp i Førde. Programmet er langsiktig verdiskaping og ønskjer fokus på fleire innvandarar i relevante stillingar, leiarposisjonar, verv i verksemder og i politisk samanheng.

Startskot for Global Future i Sogn og Fjordane!

Global Future er talentmobilisering av fleirkulturelle kvinner og menn med høgare utdanning fra bachelornivå til og med doktorgrad, og som snakkar norsk. Programmet har 25 deltakarar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, som kjem frå 19 land fordelt på 4 ulike verdsdelar.

- Sogn og Fjordane er på offensiven og er blant dei første i landet som iverkset Global Future. Arbeids- og næringslivet er blitt internasjonalt. Kombinasjonen av formell utdanning, kulturforståing og bred språkkompetanse er ein nøkkelfaktor for å lukkast, særleg i eksportretta næring. Global Future syner fram unike ressursar på nettopp dette området,  fortel prosjektleiar Hege Johnson i NHO Sogn og Fjordane.

Kvar deltakar får sin personlege mentor, håndplukka frå arbeidslivet i Sogn og Fjordane. Deltakarane blir òg deltidsstudentar på BI, og får personleg leiarutvikling i regi av AFF (Solstrandprogrammet).

Ein av deltakarane er Min Andenæs (biletet). Ho seier: Eg vil syne fram min kompetanse og utvide mitt nettverk. Master i internasjonal handel og HR-ledelse, kombinert med engelsk, norsk og kinesisk språk.

6. og 7. desember 2010 treffast Global Future gjengen på nytt i Sogn. Då er det politikk og forvaltning, samt HMS-kurs som står på dagsorden.


Partnarskapen Global Future Sogn og Fjordane:

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Startskot for Global Future i Sogn og Fjordane!”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt