Statoil opna logistikksenter i Florø
Statoil opna logistikksenter i Florø I samband med utbygginga av Gjøafeltet, vart det avtalt å etablere eit logistikksenter for røyr i Florø. Senteret vart opna 3. november, med fylkesordførar Nils R. Sandal til stades.
– Dette er ei viktig markering av ei langsiktig og sentral verksemd, som vi vonar skal vere eit solid fundament for petroleumsmiljøet i Flora og Sogn og Fjordane og for vidare utvikling og vekst, sa fylkesordførar Nils R. Sandal under opninga.
Vekstpotensial Statoil har hatt baseverksemd i Florø i 25 år, og avtalen om etablering av logistikksenteret i Florø, vart inngått sommaren 2008. Sidan då er det utvikla mykje nytt industriareal på Fjord Base. Ein god del av arealet er alt teke i bruk, og arbeidet med arealutvikling held fram.
Dette er synlege teikn på utvikling og vekst – og markerer også nytt potensial for kystbyen.
– Når Statoil no konsentrerer logistikken for røyr til Florø – med ”ansvar for optimalisering og styring av forsyningskjeden” – så burde det liggje godt til rette for at Florø får utvikle ein posisjon som ei opplagt og naturleg adresse for røyrrelaterte firma og miljø. Vi vonar mellom anna – og ikkje minst – at innkjøpsfunksjonane kjem på plass i Florø, sa fylkesordføraren.
Høge forventnignar Røyr er eit heilt sentralt tenesteområde for Statoil i Florø. Ut frå historie, historiske endringar, og politiske forventningar i forhold til ulike felt, vil fylkesordføraren likevel halde fana høgt for dei andre ansvarsområda som er lagde til Flora og fylket.
– Aktivitet kytt til røyr er viktig og sentral i høve til det meste av feltutvikling, så slik sett representerer den ei god plattform. Fylkeskommunen meiner at logistikksenter for røyr i Florø er ein god og levekraftig idé. Vi har stor tru og høge forventningar til at ein med dei rette grepa vil finne ei form som tener både regionen og Statoil på ein god måte, sa Sandal.
(Biletet viser ein del av Florø sett mot verftstområdet og Fjord Base. Foto: Dag Frøyen, Firdaposten).
Kommentarer på artikkelen “Statoil opna logistikksenter i Florø”
Skriv din kommentar