Statsvitar blir prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane

publisert 05.01.2011 av Redaksjonen

Statsvitar Ylva Torilsdotter Tyssing frå Sunnmøre er tilsett som prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane frå 1. januar 2011. Ho skal mellom anna hjelpe innkjøparar og tilbydarar å gjere innkjøp så miljøvenlege som mogleg.

Statsvitar blir prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane

Ylva Torilsdotter Tyssing (biletet) tok til i jobben som prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane no ved årsskiftet. Ho kjem rett frå Universitetet i Oslo, der ho er utdanna statsvitar.

– Eg ser fram til å starte i jobben som prosjektleiar, det er spennande å jobbe med ei så viktig sak som miljøet, og eg skal arbeide for at offentlege innkjøp her i fylket vert meir miljøvenlege, seier Tyssing. 

Knutepunkt Sogn og Fjordane er ei fagleg støtteteneste for verksemder som treng råd og rettleiing om miljø, samfunnsansvar og regelverket for offentlege innkjøp. Tiltaket er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og det er fylkeskommunen som har ansvaret for den praktiske drifta av tenesta. 

27-åringen frå Sykkylven skal mellom anna setje i verk regjeringa sin handlingsplan for miljø og samfunnsansvar ved offentlege innkjøp. I tillegg skal ho vere med å få i gang prosjekt der ein utviklar meir miljøvenlege løysingar for innkjøp. 

Innkjøpssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Siri R. Heggenes, har til no fungert som prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane, som vart starta opp i januar 2010. Ho er glad for å ha fått Tyssing på plass på Fylkeshuset. 

– Med ein person som berre skal ha fokus på dette, vil prosjektet få større prioritet og ny giv, så dette er vi godt nøgde med, seier Heggenes.


(Foto: Birthe Johanne Finstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Statsvitar blir prosjektleiar for Knutepunkt Sogn og Fjordane”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt