Suksessbedrifta Elis er selt
Herkules Private Equity Fund III har inngått avtale om å kjøpe 100 % av aksjane i IT-selskapet Elis AS i Fjaler.
– Vi er godt nøgde med å få Herkules som eigarar. Med Herkules sin finansielle styrke og breie industrierfaring, i kombinasjon med Elis sine høgkompetente medarbeidarar, er eg trygg på at selskapet vil halde fram den sterke utviklinga i åra som kjem, seier administrerande direktør i Elis AS, Johnny Haugsbakk i ei pressemelding.
BILETET: Elis har aktivt nytta Framtidsfylket Karrieremesser til å rekruttere nye medarbeidarar.
Daleverksemda Elis vart etablert i 1992, og omsette i fjor for 54 millionar kroner. Haugsbakk fortel fleire oppkjøparar har snusa på verksemda den siste tida.
- Dei siste åra har Elis vore under press frå oppkjøparar. Men Herkules var det vi ville satse vidare med. Dei hadde samla sett det beste tilbodet og ikkje minst med tanke på utviklinga vidare med utgangspunkt i Dale, seier Haugsbakk.
Elis er i dag eit leiande norsk IT-selskap innan utvikling av mellom anna prosessystem til energibransjen. Hovudproduktet ElWin blir i dag selt til meir enn 90 energiselskap. Haugsbakk seier oppkjøpet opnar dørene for å satse internasjonalt.
Oppkjøpar Herkules er eit av landets største investeringsfond som investerer i vekstselskap. Verken Haugsbakk eller direktør Cato Haug i Herkules seier ein treng frykte for at arbeidsplassar vil forsvinne.
- Les meir hos NRK Sogn og Fjordane og på firda.no
Kommentarer på artikkelen “Suksessbedrifta Elis er selt”
Skriv din kommentar