Veksande kompetansemiljø i Aurland får nordisk merksemd
Arbeidet til sognebedrifta Aurland Naturverkstad AS vert profilert i stor nordisk vandreutstilling.
Aurland Naturverkstad har frå starten for ti år sidan utvikla ein unik spisskompetanse på regionalpark som strategi for forvaltning, stadutvikling og verdiskaping. Regionalparkarbeidet er nyleg vald ut av ei kuratorgruppe til ein stor nordisk vandreutstilling om nyskapande landskapsarkitektur. Av 26 utvalde prosjekt er Aurland Naturverkstad AS ein av fire som vert profilert ekstra i MANmadeENVIRONMENT, som er hovudutstilling under Oslo Arkitekturtriennale 2010. Utstillinga opnar torsdag 23. september.
Kuratorgruppa skriv følgjande om valet:
”Med sine prosjekter er Aurland Naturverkstad et godt eksempel på landskapsarkitektur i den store skalaen som ofte ikke blir lagt merke til, men er desto viktigere for vår felles natur og kulturarv, og ikke minst for videre utvikling, planlegging og forvaltning av disse områdene. Aurland Naturverkstad utgår fra kunnskapen om landskapet som så knyttes opp mot potensial for verdiskaping”.
Dagleg leiar Siri Wølneberg Bøthun i Aurland Naturverkstad AS seier følgjande om valet: ”Vi er glade for at arbeidet vårt trekk til seg Nordisk merksemd. Vi har bevisst satsa på innovasjon og ein heilskaplig og fleirfagleg tilnærming i våre prosjekt. Dette syner at det går an å byggje grøne kompetansemiljø i distrikta”.
Regionalparkarbeidet vaks ut av prosessane med å etablere ein av Noregs sine første regionalparkar – Nærøyfjorden Verdsarvpark. I dag er det fleire område i landet som ynskjer å utvikle regionalparkar. I dette arbeidar Aurland Naturverkstad med kunnskapsutvikling, planlegging og formidling.
Firmaet driv også sekretariatet for det nasjonale parknettverket. Ein regionalpark er av det nasjonale parknettverket definert som ”ein dynamisk, langsiktig og forpliktande samarbeidsplattform for lokalsamfunn, myndigheiter og næringsliv med ei interesse for å ivareta og vidareutvikle natur- og kulturverdiar i eit definert landskaps- og identitetsområde”.
Sognebedrifta Aurland Naturverkstad AS har landskap som samlande tema og tilbyr rådgjevingstjenestar innan analyse, planlegging og utvikling. Med ti tilsette består det veksande fleirfaglege kompetansemiljøet av landskapsarkitekt, geografar, arkeologar, arealplanleggar, biolog, samt regionalutvikling. Firmaet samarbeidar også med ulike forskingsinstitusjonar, departement og direktorat om forskings- og utviklingsoppdrag (FoU).
Kommentarer på artikkelen “Veksande kompetansemiljø i Aurland får nordisk merksemd”
Skriv din kommentar