WIS Installasjon i Florø årets Gaselle-bedrift i Sogn og Fjordane
68 bedrifter i Sogn og Fjordane oppfylte kriteria for å bli Gasellebedrift. Sogn og Fjordane er nr. 2 i tal gasellebedrifter per innbyggjar.
Gasellebedriftene vert årleg kåra av avisa Dagens Næringsliv.
Gasellebedrifter må ha:
- Levert godkjende rekneskapar.
- Minst dobla omsetnaden over fire år.
- Omsetnad på over éin million kroner første år.
- Positivt samla driftsresultat.
- Unngått negativ vekst.
- Vore aksjeselskap.
Gasellene utgjer rundt 2 prosent av alle selskap.
Les meir:
- Sogn og Fjordane nummer to på lista over tal gaseller per innbyggjar!
- Sjå innslag om WIS Installasjon på DN-TV
- Sjå lista med Gaselle-bedrifter i Sogn og Fjordane 2010
- Sjå omtale av WIS Installasjon på firda.no
Det er første gong WIS Installasjon i Florø er på lista for Sogn og Fjordane, og dei har gått rett til topps.
I følgje Dagens Næringsliv starta mangel på kvalifisert arbeidskraft til at WIS Installasjon vart etablert i Florø i 2006, som eit rekurtteringsbyrå for utanlandsk personell. I dag har selskapet 116 tilsette, dei fleste frå Polen og Litauen.
Dagleg leiar Jørgen Agledal (50) trur likevel ikkje at firmaet klarar å oppretthalde same kativitet i 2011 som i 2010.
– Marknaden har vore overoppheta. No vert det ikkje lenger bygd skip på spekulajsonar. Samstundes har det bygd seg opp stor kapasitet i marknaden som vi må konkurrere med, seier Agledal.
Versemda er eit dotterselskap av West Industri Service som vart etablert i 1974. Morselskapet står for prefabrikasjon av røyr, som WIS Installasjon installerer om bord i skipa.
Kommentarer på artikkelen “WIS Installasjon i Florø årets Gaselle-bedrift i Sogn og Fjordane”
Skriv din kommentar