Nettpremiere på Sogn og Fjordane-filmen

publisert 25.02.2011 av Redaksjonen

– For å få utnytta dei milliardressursane vi har her i fylket, under føtene våre og i lufta, så må det kome høgt utdanna menneske hit, seier Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han er ein av dei mange vi møter i den nye Sogn og Fjordane-filmen.

Filmen har vore vist på Framtidsfylket Karrieremesser i dei største byane siste månaden. Fylkesfilmen er lagt opp som ein føljetong der det i vekene framover blir lagt ut nye videoar med dei vi møter i hovedfilmen, saman med ein konkurranse.

Målet med filmen er å vise fram eit tverrsnitt av kva høve som finst til å gjere karriere og på same tid ha ei rik fritid i Sogn og Fjordane.

– I ein slik film er det viktig å ikkje gape over for mykje, og å prøve å vise fram kvar einaste krik og krok i det varierte fylket vårt. I staden er det lagt vekt på å få fram eit utval ekte historier, som vonleg kan begeistre og vere til inspirasjon for dei som vurderer ei framtid i Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Anne van Oorschot.

Ho er godt nøgd med arbeidet som Pandora Film har lagt ned i filmen, og fortel at responsen blant dei besøkande på karrieremessene har vore bra. Van Oorschot trur at filmen har truffe målgruppa til Framtidsfylket.

– Dei unge og karrieresøkande gjestene på messene likte veldig godt at vi ikkje tek oss sjølve for høgtideleg, og hadde sans for humoren til programleiar Finn Tokvam. Vi håpar at dei som ser filmen skal bli nysgjerrige på kva som finst av jobbar og buområde i Sogn og Fjordane, og at dei følgjer med på nettsidene til Framtidsfylket for å halde seg oppdaterte.

Fleire interesserte har kontakta van Oorschot og spurt kor tid filmen blir å sjå på nettet:
­– No er hovedfilmen å sjå både her på framtidsfylket.no og på YouTube. Eg vil gjerne oppmode arbeidsgjevarar til å legge lenke til den frå eigne nettsider, seier ho, og håpar at flest mogleg av dei som ser filmen vil dele den i sosiale medier. (Kode for implementering på nettsider finn ein m.a. i videobiletet på Framtidsfylket sin kanal på Vimeo.)

Kvar fredag frametter våren blir ein ny video lagt ut, der sjåaren får  følgje mange av dei vi blir kjende med i hovedfilmen. Det blir også lansert ein konkurranse med ein velsmakande hovudpremie, der kven som helst kan bidra med sine videosnuttar eller kommentarar om kva dei likar best med Sogn og Fjordane.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar nettportalen framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser i Oslo, Bergen, Trondheim og Sogndal.

Den nye Framtidsfylket-filmen er laga på initiativ frå Framtidsfylket, Sogn og Fjordane fylkeskommune og NHO Sogn og Fjordane. Bidragsytarar økonomisk har i tillegg vore Lotteri- og stiftelsestilsynet, SFE, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjord Energi, Lerum, Fylkesmannen, Økonor og Rekomp-stiftinga.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Nettpremiere på Sogn og Fjordane-filmen”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt