Nordfjording vart «Årets folkemusikar»
Folkemusikar Sigrid Moldestad frå Breim i Gloppen toppar stadig fleire lister. 9. september vart ho kåra til «Årets folkemusikar». Men det var korkje første eller siste prisen som kom nordfjordingen til del.
I tillegg til å bli tildelt pris som «Årets folkemusikar» av kulturminister Anniken Huitfeldt, vann ho open klasse under Folkelarm med albumet «Sandkorn».
- Det har vore ei overveldande helg. Nei, eg finn ikkje ord. Det var litt voldsomt i går då eg fekk prisen i opa klasse også. Eg hadde ikkje så mange takkeord å by på. Då hadde eg måtte gå her i fleire dagar å takka. Desto hyggelegare og kjekkare er det jo, sa Moldestad tiul NRK Sogn og Fjordane etter prisutdelinga.
- Sjå omtale av prisen hos NRK Sogn og Fjordane og Firda.
Veka etter vann ho Fylkestoppen hos NRK Sogn og Fjordane.
Men dette er ikkje første gong Moldestad får pris. Gjennom gruppa «Gamaltnymalt» fekk ho Spellemannsprisen i 2005 i klassen folkemusikk/gamaldans. Ho er også med i Spindel, som deltok saman med Christine Gulbrandsen i Eurovision Song Contest i 2006. I 2007 vann ho Spellemannsprisen for plata «Taus», og i 2008 fekk ho kulturprisen i Gloppen kommmune.
Nordfjordingen spelar fele, hardingfele og syng. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss
(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Kommentarer på artikkelen “Nordfjording vart «Årets folkemusikar»”
Skriv din kommentar