Nye framtidsfylket.no skjønar kva du leitar etter

publisert 20.11.2009 av Redaksjonen

Den nye nettportalen til Framtidsfylket er no lansert, og tek i bruk fleire nye teknologiar for å gjere brukaropplevinga betre.

Nye framtidsfylket.no skjønar kva du leitar etter

Mest merkbar i første omgang er den «intelligente» navigasjonen, der systemet skjønar kva brukaren er på jakt etter og filtrerer ut dei meste relevante elementa.

- Om du er på leit etter ei karriere i Sogn og Fjordane og loggar deg inn på framtidsfylket.no, så vil du bli møtt med nyheiter og informasjon basert interessene dine, seier dagleg leiar Anne van Oorschot.Men ho legg til at det føreset at du som jobbsøkjar eller bedrift set av eit par minutt til å fylle ut eller oppdatere profilen din på nettstaden.

- Når du deretter navigerer rundt på nettstaden, og søkjer til dømes etter ledige ingeniørjobbar i Sunnfjord, så vil du i tillegg til stillingane får servert nyheiter, bloggpostar, og informasjon om regionar, næringsklynger og bedrifter innanfor det geografiske området eller emnet du har valt å fokusere på. Dette skjer automatisk, og tilbodet blir større etter kvart som stadig meir innhald blir lagt til.

Målet med dette er å gjere det lett å finne fram for brukarane, og samtidig nytte høvet til å lettare nå fram med informasjon, og med interessante tilbod frå til dømes bedrifter på jakt etter dyktige medarbeidarar.

Lettare å finne kvarandre

Den viktigaste funksjonen til nettstaden er å vise at ein kan få ei spennande karriere i Sogn og Fjordane, og å gjere det lettare for arbeidsgjevarar å rekruttere unge vaksne med høgare utdanning.

- Det er eit ganske stort ansvar å representere mange arbeidsgjevarar i fylket og på same tid betene krevjande kundar. Heile landet kjemper hardt for å tiltrekkje seg dyktige menneske. Derfor er vi nøydde til å vise oss fram på ein offensiv måte og vere profesjonelle, seier van Oorschot, som har fått erfare at mange ikkje ein gong veit kvar Sogn og Fjordane ligg.

- Dei som ikkje veit kvar fylket ligg, har som regel ikkje høyrt om næringslivet her heller. Så det er langt frå sjølvsagt at dyktige folk klarar å finne di bedrift akkurat på det tidspunktet du har ei ledig stilling.

- Nye framtidsfylket.no er såleis ein viktig reiskap for at kandidatane skal finne bedriftene, og omvendt. Og den nye teknologien på nettstaden skal sørgje for at matchande bedrifter og arbeidssøkjarar kan få vite om kvarandre, sjølv om dei ikkje aktivt var på leit etter kvarandre.

Framtidsretta

- Det var ein gjeng med entusiastiske traineear som for to år sidan la grunnlaget for nettstaden, og dei har gjort ein kjempejobb. Men i internettsamanheng er to år lang tid, og vi vil gjerne vere i forkant både når det gjeld brukarvenlegheit, teknologi og innhald, seier den dagleg leiaren. Ho legg til at det alltid er mykje som kan forbetrast.

- No legg vi grunnlaget for ein ny og framtidsretta portal, som kan oppgraderast etter kvart som ny teknologi blir tilgjengeleg. Dette kan alle arbeidsgjevarar i Sogn og Fjordane nyte godt av.

- Tenk langsiktig

I tillegg til nylansering av nettstad er Framtidsfylket midt oppe i ein spennande haust. Førebuingar til karrieremessene i storbyane i februar 2010 er i full gang, og det same gjeld rekruttering av bedrifter til traineeprogrammet for neste kull som starter august 2010.

- Alle arbeidsgjevarar, både privat og offentleg, må vere flinke til å bruke portalen for kva den er verd, og må vere flinke til å profilere seg der. Dei spennande jobbene må fram. Det er viktig å tenkje langsiktig og jobbe mot dei måla vi har: Å rekruttere dyktige folk som kan skape vekst og utvikling i Sogn og Fjordane, seier van Oorschot.

FOTO TIL NEDLASTING:
Print-versjon (5796 kb)
Web-versjon (86 kb)
Bileta kan brukast fritt ved omtale av Framtidsfylket.
Fotograf skal krediterast: Foto: Arild Nybø, mediebruket.no.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Nye framtidsfylket.no skjønar kva du leitar etter”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt