Seksten spennande bedrifter søkjer traineear

publisert 29.01.2010 av Redaksjonen

Trainee-programmet gjev ein unik sjanse til ei karriere i Sogn og Fjordane. 8. mars er søknadsfristen for dei mange nye traineestillingane som no er lyst ut gjennom Framtidsfylket AS.

Seksten spennande bedrifter søkjer traineear

Som trainee er du tilsett i ei bedrift i fylket. Denne jobben er basert på ei kontrakt mellom deg og bedrifta, og er elles uavhengig av traineeordninga. I bedrifta har du også ein mentor som skal følgje deg opp. På traineesamlingane møtest traineeane i dei ulike bedriftene. Her har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og eit knippe tema som er nyttige når ein er ny i jobben.

Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. I tillegg legg vi vekt på at traineeane skal bli kjende med næringslivet i Sogn og Fjordane samtidig som det sosiale og friluftsaktivitetar er ein viktig del av samlingane.

Kva kompetanse som vert etterspurd vil avhenge av kva bedrifter som deltek. Men stort sett alle studieretningar og kompetanseområde har vore etterspurde.

Vil tilbyr deg:

  • Ein spennande jobb med eit nettverk av kompetansebedrifter
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfoldig næringsliv i et fylke i vekst
  • Søknadsfrist for kull 2010/2011 er 8. mars 2010

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Seksten spennande bedrifter søkjer traineear”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt