Silje gambla ikkje med framtida då ho valde ei juristkarriere i Førde

publisert 18.03.2011 av Redaksjonen

«Det er kjempeflott at Lotteri- og stiftelsestilsynet vart lagt til Førde. Som jurist får eg då bu der eg vil bu, samtidig som eg har ein svært engasjerande jobb»

Las Vegas, Washington.....det er byar juristane i Lotteritilsynet reiser til i samband med jobben. Og ein del av jobben er å kunna reglane i poker.

– Det er viktig å vita korleis dei ulike spela foregår, seier Silje Sægrov.

– Når det gjeld pokerspel får me mange spørsmål om kva som er lovleg og ikkje. Me reiser ein del også for å ha kontakt med personar som jobbar med spelregulering i andre land.

Silje Sægrov tok juristutdanninga  i Bergen. Ho er frå Førde og ønskte seg relevant jobb i nærleiken. Og det syns ho så absolutt at ho har fått. Ho stortrivst saman med andre juristar, økonomar, datakyndige og andre fagfolk i Lotteritilsynet.

Tilsynet har kontor i nye, lyse og moderne lokaler i Førde sentrum. Dei er lokalisert saman med  Stiftelsestilsynet, og tilsaman utgjer dei eit stort miljø av godt utdanna personar.

Silje syns det er flott at det statlege kontrollorganet er plassert her i Sogn og Fjordane.

– Lotteritilsynet har ei viktig oppgave med å regulere slik at færrast mogleg får problem på grunn av ulike pengespel. Sjølv er eg ikkje spelegal, men eg har eit godt konkurranseinstinkt. Eg likar nok best kortspel og quiz, altså spel i sosiale samanhengar.

Silje og kollegaene er sjølv ute og kontrollerer automatar i butikkar, kioskar og spelehallar. Det hender at dei finn ulovlege automatar og får politiet til å ta hand om desse. Ho syns det er viktig å få bort dei såkalla aggressive automatane. 

Silje er også gift med ein jurist, ein bergensar ho lokka med seg. Han har fått seg jobb som advokat i Førde. Dei har ein liten son, som dei fekk barnehageplass til straks dei ønskte det.

– Førde er ein triveleg by der me får dekka alle nødvendige behov og har ei kjekk fritid. Barn og unge får her trygg og spennande oppvekst. I tillegg er det mogleg å finna utfordrande og kjekke jobbar. 



Silje Sægrov (t.h.) saman med kollegaer i Lotteri- og Stiftelsestilsynet i Førde. 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Silje gambla ikkje med framtida då ho valde ei juristkarriere i Førde”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt