Snart 1 200 offentlege arbeidsplassar i Sogndal og Leikanger

publisert 12.01.2010 av Redaksjonen

Ordførar Jarle Aarvoll seier til Sogn Avis at han nesten har slutta å snakke om kommunen sin som regionsenteret Sogndal. I staden brukar han nemninga "Vekstregionen Sogndal/Leikanger".

Snart 1 200 offentlege arbeidsplassar i Sogndal og Leikanger

I Sogndal er Høgskulen i Sogn og Fjordane den største offentlege arbeidsplassen (når ein ikkje reknar med kommunen), med 246 tilsette. Sogndal vidaregåande skule (149, eigd av fylkeskommunen) og Vestlandsforsking (31) følgjer på dei neste plassane.

Fylkeskommunen har til samanlikning 123 tilsette og Fylkesmannen har 80 medarbeidarar med kontorstad Leikanger. NAV er sentral i veksten siste åra, særleg etter at økonomitenesta vart lagt til Leikanger. Og Leikanger kan derfor med rette kalle seg byråkratkommunen i Sogn og Fjordane, med 685 stillingar i stat og fylke. Statens vegvesen er størst, med 149 tilsette, tett følgd av NAV med 135.

Ved årsskiftet var det til saman 1166 statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i dei to sognekommunane, og prognosen tilseier at det kan verte nesten 100 nye offentlege arbeidsplassar i 2010, skriv Sogn Avis, sitert på firda.no.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Snart 1 200 offentlege arbeidsplassar i Sogndal og Leikanger”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt