Snømoro og teknologisk nyskaping i Sogndal

publisert 08.04.2011 av Redaksjonen

«Vi kom til Sogndal for bratt moro i snørike fjell. Nå har vi vært her i flere år, for her er det fantastisk gode muligheter for nye innovasjonsbedrifter som vi driver»

Snø og nyskaping er stikkord for dei seks unge sivilingeniørane som har flytta frå NTNU-miljøet i Trondheim og til Sogndal. Dei er alle utdanna i kybernetikk og har starta tre nye selskap. Dei jobbar ilag og bur ilag i kollektiv.

- Jeg kom hit for å ha nærhet til fantastiske skimuligheter, seier Håvard Halvorsen i nLink og Yast. Hadde tenkt å bare bli her et halvår, men det er jo flere år siden.

Styringssystem for robotar er ei av satsingane til nLink. Eitt av prosjekta er å få ein sju-ledda robot til å bli fliseleggar! Håvard frå Malvik nær Trondheim har masteroppgave på dynamisk posisjonering av fartøy, og det får han bruk for i den samanhengen.

Sørlendingen Halvor Gregusson er dagleg leiar i Yast. Der har dei utvikla eit digitalt timeregistreringssystem som dei har selt til fleire firma.

Tore Friele Lie er primus motor i Falkeblikk. Der er fleire minihelikopter svært sentrale. Under helikopteret monterer dei filmkamera som kan gjere opptak frå lufta.

- Med helikopteret kan vi bistå skredforskere som skal undersøke farlig terreng. Det er mye billigere enn et stort bemannet helikopter, og det kan bevege seg tett inntil fjellsidene. Det kan også operere utenfor vårt synsfelt langt borte fra den som styrer det, seier trønderen Tore.

Desse gutane satsar også på å produsere skifilmar. Då vil dei mellom anna bruke helikopter. Og det er langtfrå tilfeldig at dei satsar på ski. Alle er svært ivrige på ulike former for bratt moro, og er det fint ver ein arbeidsdag, kan det godt hende at du kan sjå folkevognsbussen deira på veg oppover mot skiterrenget. Og så jobbar dei heller ein laurdag eller sundag i staden.

Heime i kollektivet er det god arbeidsdeling. Mens nokon lagar middag, må dei andre ta reingjering og klesvask.

- Samholdet er veldig bra her. Og med så mange ingeniører sammen blir det meste litt sånn forskning, seier Tore. Ofte blir det taco til middag, og nå har vi utvikla en god metode for at tacoskjellene skal henge godt sammen. Vi legger osteskiver i bunn og på den måten armerer vi tacoskjellene og hindrer søl. Forskning gir resultater!

Innanfor vaskekjellaren er det fullt av skiutstyr og surfebrett. I eine hjørnet står ei svær øskje med potetgull.

- Maarud hadde en «På trynet»-konkurranse og vi sendte inn en film der vi gikk skikkelig på trynet. Og det ble belønnet med en hel palle med potetgull, seier Håvard.

«Kollektivgutane» skryt av korleis dei er blitt mottekne i Sogndal og Sogn og Fjordane. Dei har fått økonomisk støtte frå Sparebanken Vest sitt næringsfond og Innovasjon Norge. Dessutan er dei imponert over all den goodwill'en dei blir møtt med overalt.

- Vi er jo ikke herifra, men likevel er det veldig gunstig å drive med nyskaping her i Sogndal.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Snømoro og teknologisk nyskaping i Sogndal”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt