Sogn og Fjordane viser seg frå si beste side på karrieremessene

publisert 18.01.2011 av Redaksjonen. Foto: Anita M. Ingebrigtsen.

Framtidsfylket inviterer for femte år på rad studentar og arbeidssøkjarar til å kome på karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen. I år blir det også messe i Sogndal. På messene viser Sogn og Fjordane, regionane og arbeidsgjevarar seg frå si beste side for å rekruttere jobbkandidatar og tilflyttarar. Og erfaringane er gode.

– Vi har med oss mange bedrifter frå Sogn og Fjordane, som tilbyr eit stort mangfald av jobbar der høgskule- og universitetsstudentane kan få brukt utdanninga si. Vi trur at eit lettlevd liv, breidde i både kulturtilbod og natur vil vere forlokkande for dei som er i gang med å planlegge framtida til seg og sine. Sogn og Fjordane kan gje denne balansen i kvardagen – i eit fylke der rushtid og giftlokk er framandord, seier dagleg leiar Anne van Oorschot i Framtidsfylket AS.

Fekk jobb på karrieremesse

Daniel Wergeland. Foto: bickfoto.Men van Oorschot understrekar at det til sjuande og sist er arbeid og høve til å gjere karriere som for dei fleste avgjer kvar ein vel å busetje seg. Daniel Wergeland (biletet t.h.) er samd. Han er trainee hos Normatic i Førde, og uttrykkjer seg slik:  

– Å vekse med ei lita bedrift i utvikling går raskare enn i eit byråkratisk kjempesystem i storbyen. Og her kan du realisere ein drøymebustad og likevel få ein kremjobb som er i tråd med utdanninga. Eg trivs så godt at det bør regne eld frå himmelen før eg gir meg i veg og flyttar herifrå, seier Wergeland.

Kollega Elisabeth Bøyum Solheim (biletet t.h.) seier at ho tok bachelor i ingeniør elektro-automatiseringsteknikk ved Høgskulen i  Sogn og Fjordane, og deltok på ei av Framtidsfylket sine karrieremesser i Bergen. Der fekk ho idéen til å søkje traineestilling.

At rekrutteringsmessene har vore ein god møteplass både for arbeidsgjevar og arbeidssøkjar er det tallause døme på. Ein av dei som fekk seg sommarjobb hos Sunnfjord Energi i Førde etter fjorårsmessene er jølstringen Leif Gabriel Kapstad (biletet under t.h.).

– Eg vart merksam på at Sunnfjord Energi hadde bruk for min kompetanse på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen, då eg kom i prat med nettsjefen. Før det hadde eg ikkje tenkt at det var råd å få seg jobb i heimtraktene. Det var ein fin førstekontakt, og ein uformell  samtale på messa gjer underverk, seier Kapstad.

Også kollega Kristoffer Magerøy frå Førde fekk augene opp for kraftselskapet som kompetansearbeidsplass på karrieremesse.

– På karrieremessa får dei besøkande vite at bedriftene etterspør studentar med ulik kompetanse. Eg visste ikkje om at det fanst aktuell sommarjobb for meg hos Sunnfjord Energi før eg tok steget med å ta kontakt med dei på messa, seier Magerøy (biletet t.h.)

Fylke i sunn vekst

Den daglege leiaren i Framtidsfylket er også glad for at det er stadig meir lovande for dei som planlegg ei framtid i Sogn og Fjordane, ikkje minst fordi enkeltkommunar, regionar og heile Sogn og Fjordane tek sjumilssteg framover på lista over kva område som har best lønsemd og framgang i landet.

– Sogn og Fjordane har alltid orientert seg mot omverda, og står for mykje av verdiskapinga i Norge og ein stor del av norsk eksport. Her  finn du spennande jobbar og vekstarenaer i dei mange næringsklyngene innan høgteknologisk industri, maritim og offshore, marin, design, finans og økonomi, offentlege tenester/forsking og utvikling, energi og IKT, seier van Oorschot. 

Formidlar mangfaldet

På karrieremessene vert mangfaldet av vegar til eit godt liv i framtidsfylket formidla. Både det private næringslivet og offentleg sektor i Sogn og Fjordane ønskjer velkomen til eit fagleg og sosialt møtepunkt på karrieremessene. Det blir mingling, stands og tapas, og premiere på «Framtidsfylket Sogn og Fjordane»-filmen.

På messa får dei besøkande også høve til å lære meir om den unike traineeordninga og å treffe traineebedriftene

– Messa kan like gjerne sjåast på som ein uformell møteplass der ein kan treffe folk og bedrifter frå Sogn og Fjordane, ha det triveleg og få inspirasjon til karriereval, seier van Oorschot, som gjerne vil ha flest mogleg av bedriftene med seg på messene kringom i landet for å vise den store breidden i type arbeidsplassar. 

Den formelle fristen for bedrifter å bestille stand har gått ut, men van Oorschot legg til at det stadig skjer små endringar i opplegget. Om fleire vil vere med er det derfor berre å ta kontakt med Framtidsfylket, så vil dei prøve å hjelpe så godt dei kan.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Sogn og Fjordane viser seg frå si beste side på karrieremessene”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt