- Sogn og Fjordane er mangfaldig
- Det er udiskutabelt at Sogn og Fjordane er mangfaldig, skriv akademikaren Henning A. Hellebust i ein kronikk i Firda. Han har sjølv flytta frå Oslo til Jølster, og kallar seg i dag småbrukar og gründer.
I ein kronikk på Origo.no og i avisa Firda tek Henning A. Hellebust føre seg fordelane med å flytte heim til Sogn og Fjordane, og gjev råd om kva som skal til for å få ei berekraftig folkestalsutvikling:
«Ok, fjordfylket kan aldri bli Istanbul, Berlin eller New York. Men mangfald er ikkje synonymt med metropol. Mangfald tyder rikdom, noko som er samansett av mange ulike delar, stor variasjon av til dømes idear eller i naturen. Er det noko som kjenneteiknar vår vesle krå av Europa, så er det akkurat det. Variasjon.»
Hellebust går rett til kjernen av det arbeidet Framtidsfylket gjer:
«Det er udiskutabelt at Sogn og Fjordane er mangfaldig. Eit lettkjøpt bevis er å ta quizen på nettsida til Framtidsfylket. Om det ikkje er tjukt av ledige jobbar medan finanskrisa ebbar ut, er det likevel tjukt av kompetansearbeidsplassar. Og dei er godt spreidd over heile fylket – ikkje berre i byane og dei største tettstadene.»
Quizen som Hellebust nemner var meint å synleggjere litt av dette mangfaldet, og på få dagar har pr. 25. januar nesten 800 gjennomført den - gledeleg mange:
Men ikkje minst er Karrieremessene som Framtidsfylket arrangerer i februar med på å bringe kunnskap om Sogn og Fjordane som bu- og arbeidsområde ut til dei største studiestadane i landet. Det er likevel viktig at også sentrale styresmakter har i bakhovudet at kompetansearbeidsplassane i distrikta er svært viktige.
Såleis er det gledeleg at Regjeringen fredag nedsette eit offentleg utval som skal utgreie tiltak for å etablere kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplasser i heile landet, og tiltak for å sikre rekruttering av arbeidskraft til distrikta. (Les meir hos Kommunal- og regionaldepartementet). Det var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (biletet) som presenterte dette tiltaket, og dette gjer det ekstra spennande å få høyre Navarsete under Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo.
(Illustrasjonsfoto øvst:Thomas Bickhardt.
Foto av Liv Signe Navarsete: Arild Nybø, mediebruket.no)





Kommentarer på artikkelen “- Sogn og Fjordane er mangfaldig”
Skriv din kommentar