Ny rapport viser at 45-minuttsregionen kan realiserast innan 2020

publisert 11.11.2010 av Redaksjonen

Det er fullt mulig å kutte reisetida på kystvegen mellom Måløy og Florø med éin time innan 2020, og dermed realisere ein samla bu- og arbeidsmarknad på 45-50.000 menneske i Ytre/ Midtre Nordfjord og Sunnfjord. Det viser ein ny rapport.

Ny rapport viser at 45-minuttsregionen kan realiserast innan 2020

Reisetida kan kuttast utan at det går ut over andre vegsatsingar i fylket, og på ein måte som aukar dei samla veginvesteringane i Sogn og Fjordane med ca 800 millionar kroner dei neste 6-8 åra, og er eit stort steg framover for Kystvegen Ålesund-Bergen.

Det er konklusjonen i ein ny rapport som no er overlevert ordførarane i Flora, Bremanger og Vågsøy frå næringsselskapa i dei tre kommunane. Rapporten dokumenterer for første gong at det er mulig å finansiere 50% - nær 500 mill kr – av dei nødvendige vegtiltaka mellom Måløy og Florø med brukarfinansiering.

Dermed oppfyller ein kravet om auka brukarfinansiering som Fylkestinget stilte i desember 2009 for å støtte og fullfinansiere prosjektet.

Tidlegare har eit samla politisk miljø i Sogn og Fjordane lovd å gå i bresjen for ein ekstraordinær statleg regionbyggingspakke på 300 mill kr som del av finansieringa av prosjektet. Med 500 mill kr i brukarfinansiering gjenstår dermed kun 200 mill kr i finansieringsbehov for å utløyse ei samla veginvestering til 1 mrd kroner. Det kan i følgje den nye rapporten finansierast gjennom disponering av mindreforbruk og ubrukte bufferfond til allereie pågåande fylkesveginvesteringar på kystvegen, utan å gå ut over framdrifta for andre vegprosjekt,.

- Alt som skal til for å realisere 45-minuttsregionen før 2020 er to ting: Lokal aksept for foreslått opplegg for brukarfinansiering, og aksept blant fylkespolitikarane for å disponere ein del av dei innsparte midlane til Kystvegen på 45-minuttsregionen, seier Eivind Hjellum, Bjørgulf Myklebust og Alfred Bjørlo i arbeidsgruppa for 45-minuttsregionen ved oversendinga av rapporten til oppdragsgjevarane – ordførarane i Flora, Bremanger og Vågsøy. 

- I tillegg tar vi det som ein selvfølge at dei politiske partia står ved løfta om å gå i bresjen for ein statleg regionbyggingspakke for 45-minuttsregionen. No må alle gode krefter stå samla om å løfte opp 45-minuttsregionen som det neste store spleiselagsprosjektet for å auke samla vegsatsing i Sogn og Fjordane.

Planarbeidet for dei aktuelle vegparsellane er allereie i gang, og det ligg inne søknad til fylket frå kommunane om å få forskuttere midlar til det gjenståande planarbeidet for å få ytterlegare fortgang. 

Fakta om prosjektet:

  • 45-minuttsregionen er visjonen om ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion for 45-50.000 menneske i kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Bremanger, Flora, Naustdal og Førde i Sogn og Fjordane og Vanylven i Møre og Romsdal. Namnet 45-minuttsregionen er vald for å synliggjere målet om maks. 45 minutts reisetid mellom dei ulike sentra i regionen.
  • Alt som skal til for å realisere 45-minuttsregionen er tre vegtiltak på Fv 614 i Flora, Bremanger og Vågsøy til samla kostnad på under 1 mrd kr. Då vil reisetid Ytre Nordfjord-Florø og Ytre Nordfjord-Førde bli kutta med 1 time. Ein vil óg vere eit langt steg nærare samla Kystveg Ålesund-Bergen.
  • Analyser syner at rask realisering av ein slik region er nøkkelen til å oppnå folketalsvekst og å ta ut det enorme uutnytta potensialet for næringsutvikling på kysten av Sogn og Fjordane. 

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Ny rapport viser at 45-minuttsregionen kan realiserast innan 2020”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt