Nyetableringar i Årdal gav babyboom
Hittil i 2010 har 20 nye born kome til verda i Årdal kommune, og 40 fleire er i kjømda i løpet av året. Det er mange år sidan sist fødselstalet var så høgt.
Det er i følgje jordmor Rigmor Chruickshank særs lenge sidan statistikkane synte noko tilsvarande:
– Eg trur nok me vil runda 60 dette året, og det er ein god del år sidan det var så mange, seier ho, som er heilt viss på at mykje av årsaka skuldast omstillingsarbeidet som har gått føre seg i bygda dei seinare åra og medført nye arbeidsplassar – og nye årdøler, seier ho til Sogn Avis.
Jordmor Chruickshank er ikkje i tvil om at den nye industrien har ført til babyboom i bygda, for mange av dei søte små som er på veg, kjem som følgjer av at dei vertande foreldra deira har flytta til Årdal i løpet av dei siste par åra.
– Det eg ser er at det er kome unge folk til bygda, mange av dei har jobb på dei nye arbeidsplassane eller i samband med utviklinga av desse. Me registrerer også at det er fleire utanlandske statsborgarar som ventar seg, mellom anna frå Polen, Slovakia og Tyskland, seier ho, som berre denne veka har vore på Voss med ein fødande og på Lærdal med ein.
(Foto: http://www.flickr.com/photos/vistamonster/ / CC BY-NC-SA 2.0)
Kommentarer på artikkelen “Nyetableringar i Årdal gav babyboom”
Skriv din kommentar