Storsatsing på skulen i Sogn – i svært vid forstand

publisert 18.01.2012 av Redaksjonen

«Har borna det godt har også foreldra det godt», vert det sagt. Derfor har sogningane snudd på flisa i arbeidet med å gjere Sogn til ein god stad å bu og arbeide.

Storsatsing på skulen i Sogn – i svært vid forstand

Dei har ikkje lenger berre fokus på at regionen har mange og varierte arbeidsplassar, byr på flotte naturopplevingar, trygge oppvekstmiljø, gode idretts- og kulturtilbod og eit lettlevd liv. Dei har også innsett at ein viktig faktor for å vere attraktiv som bu- og arbeidsområde, er at ungane har det godt.

I prosjektet «Sats på skulen – snu Sogn» siste åra er målet at ungane i barnehagane og skulane skal få endå betre læring, meistring og gode opplevingar. Tanken er at gode skular og barnehagar  saman med ein attraktiv arbeidsmarknad, skal vere med på å vippe avgjerda i positiv retning for dei som vurderer ei framtid i Sogn.

Skulen blir freistande arbeidsplass

Men det er ikkje berre born og foreldre som blir direkte berørt av satsinga på skulen. Satsinga gjer også at skulane i Sogn blir betre og meir freistande som arbeidsplassar. Det same gjeld studietilbodet  for lærar- og førskulelærarutdanning hjå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Entreprenørskap er ikkje eit fag, men snarare å dyrke ei positiv haldning til å sjå moglegheitene i lokalsamfunnet og omrisset av eigne ibuande krefter, seier prosjektleiar Claus Røynesdal.

– Dei som vel å bli pedagogar her, skal vite at dei dermed bidreg til å oppretthalde Sogn og Fjordane som eit av dei beste skulefylka i landet. Etter innføringa av nasjonale prøvar og brukarundersøkingar har vi vore blant dei med best resultat kvart år, seier prosjektleiar Claus Røynesdal  

– Dei gode resultata får vi gjennom å dele. Vi blir gode gjennom samarbeid og samhandling, og har eit systematisk samarbeid mellom kommunane, regionråda, fylkeskommunen, Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, KS, Utdanningsforbundet og Ungt Entreprenørskap.

Fagleg og personleg utvikling i nettverk

Skulesatsinga står på tre bein; leiarutdanning, fagnettverk for lærarar og utvikling av rolla kommunane har som skuleeigar. Det er 23 ulike nettverk frå barneskulen til og med vidaregåande skule. Sidan 2007 er det utdanna kring 40 rektorar, rådgjevarar, inspektørar og lærarar med 30 studiepoeng i leiing. I Sogn er det dermed mange høve til fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom deltaking i regionale fagnettverk.

Slike nettverk er med på å forklare kvifor til dømes Balestrand kvart år er blant dei beste kommunane  i landet,  og at Kaupanger skule i Sogndal kommune vann HM Dronning Sonja sin skulepris i 2010.
– Det handlar om å skape kulturar for utvikling og læring, seier Røynesdal.

Eitt av stikkorda i satsinga på skulen er «entreprenørskap».

Entreprenørskapsarbeidet i skulane skal gje elevane praktisk røynsle med kreativitet, innovasjon og  drift av elevverksemder. Det er med på å gjere skuletida meir pulserande, mellom anna gjennom årlege entreprenørskapsmesser.
– Vi har det høgaste talet elevverksemder og partnarskapsavtaler med næringslivet av alle fylka.

– Framtida går i barnehagen

Men det er ikkje berre i skulen det blir satsa. Gjennom delprosjektet «Sats på barnehagen – snu Sogn» vert kommunane si rolle som barnehageeigarar utvikla. Og satsing på kvalitetsutvikling av barnehagen fordrar satsing på personalet.

– Born og elevar utgjer berre 15 % av innbyggjarane, men dei er 100 % av framtida til Sogn, seier Jarle Aarvoll som er ordførar i Sogndal og leiar i programstyret for delprosjektet «Sats på barnehagen - snu Sogn»
– For meg som  ordførar er det veldig viktig med ei regional satsing på kvalitet i skule og barnehage – og det er viktig med satsing på entreprenørskap. Framtida går i barnehagen!

Eitt av tiltaka er derfor leiarutdanning for styrarar og pedagogiske leiarar i dei kommunale og private barnehagane i Sogn. Av dei 27.000 førskulelærarane i landet, er det 1 % som har formell utdanning i leiing. Etter to kull à 30 deltakarar vil om lag 70 % av førskulelærarane i regionen ha ei slik leiarutdanning.

Møt Sogn regionråd på
Framtidsfylket Karrieremesser

Sogn regionråd er samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, SogndalVik og Årdal. Føremålet er å sikre og forbetre rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen.

Regionrådet, representantar for kommunane og for satsinga «Sats på skulen – snu Sogn» vert å finne på stand på Framtidsfylket Karrieremesser 2012 i Bergen og Trondheim.

Har du spørsmål om å bu og arbeide i Sogn får du garantert svar på dei der. I mellomtida finn du også mykje informasjon på kommunane sine eigne nettsider, og på sogn.regionraad.no.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Storsatsing på skulen i Sogn – i svært vid forstand ”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt