Tidenes tørraste vinter

publisert 03.03.2010 av Redaksjonen

Vi legg bak oss tidenes tørraste vinter på vår del av Vestlandet. Men korleis blir sommaren?

Tidenes tørraste vinter

Snøen som har falle denne vinteren har fått ligge i fred på grunn av kuldegradene. Så sjølv om det er kvitt både i fylkessenteret Førde (biletet) og andre stader i Sogn og Fjordane, så har nedbørsmengdene vore rekordlåge.

- I perioden desember til februar har det kome berre 92,9 millimeter nedbør i Førde. I sum blir det den tørraste vinteren vi har registrert der. Den nest tørraste var vinteren 1946/47 då det kom ned 134 millimeter nedbør på dei tre månadane, fortel statsmeteorolog Dag Kvamme til NRK Sogn og Fjordane.

- I dei indre områda på Vestlandet var det ekstremt tørt i februar. Fleire stader i Sogn og Fjordane fekk mindre enn 10 millimeter nedbør i februar og aller minst i Lærdal med fattige 1,4 millimeter. På grunn av den langvarige kulden var bakken likevel snødekt i heile landet, sjølv i dei ytre kyststroka, melder Storm.no.

Men lite nedbør betyr også høgare straumprisar:

- Vi brukar meir straum enn nokon gong. På same tid har straumproduksjonen på våre kantar gått ned fordi det ikkje har vore nok nedbør til å produsere like mykje vasskraft som før, skriv Sunnfjord Energi.

Då er spørsmålet om vi også går mot ein tørr og varm sommar?

Dessverre seier statistikken at du må førebu deg på "gensarvêr", melder Storm.no. Men heldigvis er denne typen langtidsvarsel upålitelege...

 

(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Tidenes tørraste vinter”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt