Toppleiinga i Intele flytta frå Oslo til Breim

publisert 23.04.2010 av Redaksjonen

Rolf Kjetil Egge har leia Eurofoto på Reed i Gloppen sidan 2005. No er 37-åringen også konstituert som dagleg leiar i morselskapet Intele AS, som flytta toppleiinga frå Lysaker i Oslo til Nordfjord.

Toppleiinga i Intele flytta frå Oslo til Breim

Enno er det ikkje avgjort kor mange administrative stillingar som blir flytta til Breim, men i dag er det fire administrative årsverk knytt til hovudbasen på Lysaker.

I tillegg jobbar tre personar med utvikling og marknad for Eurofoto, og dagleg leiar for Intele SMS og dagleg leiar for Reed Foto er lokalisert der.

- Det blir ei stor utfordring å leie både morselskapet og Eurofoto. Det blir utruleg lærerikt, og det er berre å brette opp ermene og gjere ein jobb, seier Egge til Firda.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Toppleiinga i Intele flytta frå Oslo til Breim”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt