Truleg ny felgproduksjon i Høyanger frå 2011

publisert 11.03.2010 av Redaksjonen

Vel eitt år etter at største bedrifta i Høyanger gjekk konkurs, bilfelgprodusenten Fundo Wheels, ser det ut til at det på ny kan bli felgproduksjon i tettstaden.

Truleg ny felgproduksjon i Høyanger frå 2011

Etter planen, startar produksjonen av hybridhjulet i 2011. Dette vart offentleggjort under eit næringslivsmøte i Høyanger onsdag kveld.

Der står enno att formell avtaleunderskriving mellom det franske selskapet St. Jean Industries og Innovasjon Norge. Men kontaktperson for St. Jean Industries i Høyanger, Einar Aasen, valde å offentleggjere nyheita under møtet med klar ambisjon: – Dette skal vi få til.

Aasen er tidlegare utviklingsdirektør for Fundo, og har vore sentral i utviklinga av hybridfelgen, eller det så kalla to delte hjulet.

Det blir ein forsiktig start med 14 tilsette og årleg produksjon på 30 000 felgar. I 2015 er målet 150 tilsette og 500 000 felgar.

 

 

(Foto: Arild Nybø, mediebruket.no)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Truleg ny felgproduksjon i Høyanger frå 2011”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt