Unge kreftpasientar får eige tilbod på Hauglandsenteret i Fjaler

publisert 28.02.2011 av Redaksjonen

Prosjektet "KaNo" ved rehabiliteringssenteret på Haugland i Fjaler har som mål å hjelpe unge kreftpasientar attende til kvardagen. Dette er eitt av få tilbod retta direkte mot denne målgruppa. 

Unge kreftpasientar får eige tilbod på Hauglandsenteret i Fjaler

Det å få ein kreftdiagnose og gjennomgå behandling set sine spor både fysisk og psykisk. Forsking tyder på at det å få fagleg oppfølging og rettleiing i tida etter behandlinga og å møte andre i same situasjon, kan vere til god hjelp for å kome tilbake til ein god og normal kvardag. Dette hjelper også for å redusere og førebyggje biverknader og seinskader.

I Norge fines det svært få tilbod for unge som har gjennomgått kreftbehandling. “KaNo”-prosjektet i Fjaler blei derfor starta på oppfordring fra Kreftforeininga ut fra deira erfaringer og satsing på ”Unge og kreft” i 2008.

“KaNo” er laga for unge som har gjennomført behandling for ulike kreftdiagnosar. Derfor vil både type og omfang av behandlinga og eventuelle biverknader variere. Alle menneske er dessutan unike og taklar utfordringar på ulike måtar. I “KaNo”-prosjektet er det derfor lagt opp til at deltakarane kan få individuell oppfølging frå fagekspertane ved Hauglandsenteret, ut frå den enkelte sitt behov.

Prosjektet har fått namnet sitt fordi mange pasientar etter avslutta behandling stiller spørsmålet: “Hva nå?”  eller “Ka no?” – og lurar på korleis dei no skal forhalde seg til t.d.:

  • Kva toler kroppen etter at behandlinga er slutt?
  • Kan eg leve som før?
  • Kva med studiar og jobb – skal eg bare starte rett på – og har eg rettigheiter?
  • Kvifor kjenner eg meg så trøytt?
  • Eg burde jo vere hoppande glad no som eg er ferdig med behandlinga, men kjenner meg så tom….?
  • Kva med kontrollar og sånn?
  • Må eg alltid vere redd for tilbakefall – og korleis skal eg takle dette?

Fleire tidlegare kreftpasientar har skildra kjensla som å vere “aleine i en liten båt”, og derfor symboliserer prosjektnavnet også ein kano. 

Hauglandsenteret er eitt av få i Norge som har forska på rehabilitering av kreftpasientar. Unge kreftpasientar kan søkje om å delta i prosjektet gjennom lege eller NAV.

(Foto: Daniel Gies, Flickr, CC2.0)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Unge kreftpasientar får eige tilbod på Hauglandsenteret i Fjaler”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt