Unge og lovande i sparebanken
Sommarvikarane i Sparebanken Sogn og Fjordane er alle i tjueåra, og har blitt intervjua om seg sjølve og kva dei trur dei gjer om 15 år.
I alt har Sparebanken laga intervju med åtte av sine sommartilsette, som er spreidde på banken sine avdelingar i Sogn og Fjordane.
Katrine S. Osland (23) på Askvoll-avdelinga svarar slik på spørsmålet om kvar ho er om 15 år:
- Om 15 år… Det er lenge til enno. Det er i alle fall lov å håpe på at ein har slått seg til ro innan den tid, aller helst i Askvoll kommune dersom det er utfordrande jobbar å få. Kanskje er eg blitt gründer i Skorvemarka, med satsing på livsstil og rekreasjon – det fins mange mulegheiter! Først må ein leve det livet ein har her og no!
- Fire intervju kan du lese her, og dei fire andre er her.






Kommentarer på artikkelen “Unge og lovande i sparebanken”
Skriv din kommentar