Unikt barnehagesamarbeid i Sogn
Høgskulen i Sogn Fjordane har saman med Sogn regionråd, NAV og Utdanningsforbundet skrive under ein unik partnarskapsavtale for å styrka barnehagesektoren.
Felles mål for avtalen er å skapa betre kvalitet, redusera sjukefråværet, styrka barnehagesektoren som attraktiv og utfordrande arbeidsplass og stimulera til kreative barnehagar.
Partnerskapsavtalen er ein del av Sogn regionråd sitt prosjekt "Sats på barnehagen - snu Sogn".
Høgskulen skal gje leiarutdanninga "Leiing i framtidas barnehage", i samarbeid med NAV. Over 30 tilsette i barnehagane i Sogn er påmelde studiet.
Aud Marie Stundal, studieleiar for førskulelærarutdanninga på høgskulen, er glad for satsinga og ser fram til samarbeidet:
- Dette er kjempeflott! Det er veldig interessant for føreskulelærarutdanninga å gå inn i leiarutdanninga for denne sektoren. Det er òg spennande og utfordrande å få nye samarbeidspartnarar slik me gjer i partnerskapsavtalen.
Leiarstudiet startar 30. november i Sogndal, og samlingane vil gå på omgang mellom kommunane.
Partnarskapsavtalen vart signert av rektor Åse Løkeland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, hovudtillitsvald Anne Siri Bentsen frå Utdanningsforbundet, avdelingsdirektør Tove Rygg frå NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane og leiar i Sogn regionråd Torodd Urnes.

Kommentarer på artikkelen “Unikt barnehagesamarbeid i Sogn”
Skriv din kommentar