Brüssel søkjer trainee
Vest-Norges Brusselkontor lyser etter trainee til EU-hovudstaden våren 2010.
Vest-Norges Brusselkontor (VNB) er eitt av seks norske regionkontor i Brussel (biletet). Medlemer er dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i tillegg til kommunar og organisasjonar i dei tre fylka. Dei to kommunane som er medlemer i Sogn og Fjordane er Fjaler og Høyanger.
Kontoret er for tida bemanna med direktør og ein prosjektmedarbeidar. Det er no ledig ein traineestilling ved VNB for våren 2010 (omlag 6 månader). Kontoret søkjer ein fleksibel og serviceorientert person med interesse for og kunnskap om EU og EØS.
Traineestillingane ved Vest-Norges Brusselkontor er svært populære. Tidlegare har fleire personar frå Sogn og Fjordane vore traineear ved VNB. Utlysinga skjer i både Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.





Kommentarer på artikkelen “Brüssel søkjer trainee”
Skriv din kommentar