Høgskulen har bestemt seg for å satse på bachelorprogram i fornybar energi
Høgskulen i Sogn og Fjordane har bestemt seg for å setje i gang med det omtala bachelorprogrammet i fornybar energi. Programmet startar opp hausten 2010, og vil ha 30 plassar.
Det er NRK Sogn og Fjordane som skriv dette.
Rektor ved høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, fortel til NRK at dette studiet har vore viktig å få på plass.
Høgskulen har fått i stand avtalar så studentar som går programmet, seinare kan ta master ved Noregs Handelshøgskule, NTNU og Universitetet i Ås.
- Kva kan dei som tek dette studiet verta i yrkeslivet?
- Det kan vera energibransjen som treng kapasitet, og det kan vera konsulentbransjen, kommune eller fylkeskommune.
Energibransjen i fylket har vore med og finansiert bachelorprogrammet i fornybar energi.
(Foto frå Trollevatnet ved Kjøsnesfjorden Kraftverk: Arild Nybø, mediebruket.no)
Kommentarer på artikkelen “Høgskulen har bestemt seg for å satse på bachelorprogram i fornybar energi”
Skriv din kommentar