Leiarutdanning i Førde med lærekrefter i toppklasse

publisert 07.04.2010 av Redaksjonen

Frå hausten 2010 tilbyr Folkeuniversitetet med lærekrefter frå Universitetet i Bergen høve til å ta leiarfag i Sunnfjord. Første faget er arbeids- og organisasjonspsykologi.

Leiarutdanning i Førde med lærekrefter i toppklasse

Neste fag er personalpsykologi og startar hausten 2011, medan siste faget er motivasjonspsykologi og startar vinteren 2012. Studia byggjer på kvarandre, men kan også takast separat.

Studiet i arbeids- og organisasjonspsykologi går omlag ei helg i månaden i 2010 og 2011 med desse datoane:

  • 25.-26 september 2010
  • 23.-24. oktober 2010
  • 13.-14. november 2010
  • 11.-12. desember 2010
  • 15.-16. januar 2011
  • 12.-13. februar 2011
  • 19.-20. mars 2011
  • 30. april - 1. mai 2011

Folkeuniversitetet hadde same tilbodet i Førde hausten 2007, med 38 deltakarar. Tilbakemeldingane var gode. Sjå omtale i Firdaposten.

Denne gongen er arbeids- og organisasjonspsykologi slått saman til eitt fag. Faget blir avslutta med ein skuleeksamen på 8 timar i Førde våren 2011.

I omtalen av faga står det: 'Arbeidsmarknaden er i stadig endring og omstillingstakta både innan privat og offentleg sektor er aukande. Den einskilde bedrift sin endringskompetanse og evne til å vere tilpassingsdyktig vil vere ein avgjerande faktor for suksess, også for karriera til den einskilde arbeidstakaren. For å makte slik tilpassing, vil det utover rein faglig kompetanse, vere naudsynt med inngåande forståing av og kjennskap til organisasjonsstrukturar, psykososiale
prosessar på arbeidsplassen, kommunikasjonsprosessar og ikkje minst meir individbaserte faktorar som jobbtilfredsheit, korleis ein kan hindre stress og  utbrentheit og ikkje minst; korleis avgrense sjukefråveret.'

Førelesarar:
professor Ståle Einarsen
professor Stig Berge Matthiesen
professor Anders Skogstad
førsteamanuensis Lars Glasø
universitetslektor Nils Sortland

Følgjande emne vert teke opp i faget arbeidspsykologi:
• Psykososialt arbeidsmiljø • Jobb og familie • Jobbtilfredsheit • Motivasjon i jobbsamanheng • Kor viktig det er med sosiale samspel • Individuelle skilnader – teoriar om personlegdom, trekkteoriar, individuelle preferansar, testar om personlegdom, • Stress og helse i arbeidsliv • Sjukefråver som fenomen

Følgjande emne vert teke opp i faget organisasjonspsykologi:
• Psykologisk organisasjonsteori: ulike modellar for organisering av arbeid, tilhøvet mellom teknologi, strukturar, sosiale forhold, organisasjonars effektivitet og dei tilsette sin trivsel • Kommunikasjon i organisasjonar • Organisasjonsutvikling, læring og omstilling • Leiing og leiingstenkinga si historie • Organisasjonskultur og –klima • Gruppe- og team danning

Pensum: Pensumlista vil bli sendt ut før sommarferien til dei som har meldt seg på studiet.
Pris: Studiet kostar kr. 22.900 + bøker og kr. 5000 i eksamensavgift.

Klikk her for påmelding

 

(Foto frå Flickr: newmediaconsortium, CC 2.0)

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Leiarutdanning i Førde med lærekrefter i toppklasse”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt