Nytt studium for leiarar i vidaregåande skule
Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta opp eit leiarstudium for å rekruttere framtidige skuleleiarar ved dei vidaregåande skulane i fylket. Fylkeskommunen samarbeider med Høgskulen i Sogn og Fjordane om studiet.

Lærarar, mellomleiarar og rektorar frå heile fylket var samla på Quality Sogndal Hotel under opninga av leiarstudiet onsdag 6. oktober.
Onsdag 6. oktober var det oppstart for fylkeskommunen si satsing på rekruttering av leiarar i den vidaregåande opplæringa. 27 deltakarar frå heile fylket var samla under opninga av leiarstudiet på Quality Sogndal Hotel.
– Som skuleeigar har fylkeskommunen eit ansvar for å tilsetje kompetente skuleleiarar, og det å vere skuleleiar er eit veldig komplekst oppdrag. Dei skal vere med og gi medarbeidarar og ungdom i Sogn og Fjordane ei oppleving av å vere i eit miljø der det er utfordrande å arbeide og lære, og der kvar enkelt får utnytta potensialet sitt, seier fylkesdirektør for opplæring, Bekka Skaasheim.
Blant dei 27 deltakarane på studiet er det lærarar, mellomleiarar og rektorar i den vidaregåande skulen. I tillegg deltek fire frå opplæringsavdelinga i fylkeskommunen på studiet, som går frå oktober 2010 til april 2011. Fylkeskommunen fekk inn mange søknadar til studiet, og deltakarane er tildelt studieplass etter kvalifikasjonar og intervju.
Leiarstudiet er samansett av fleire grunnmodular, og dei deltakarane som ønskjer det, kan seinare byggje desse modulane vidare til ein mastergrad i utdanningsleiing.
– Skuleleiarar i dag møter mange krav. Leiaren skal syte for utvikling og nytenking, involvere og leggje til rette for medverknad, utvikle medarbeidar sin kunnskap og kreativitet og levere resultat i tråd med politiske vedtak, seier Skaasheim om kvifor fylkeskommunen no vel å satse på rekruttering av framtidige skuleleiarar.
Deltakarane på studiet er frå heile fylket, men Sunnfjord er sterkast representert. Skulane Hafstad, Øyrane, Flora og Dale vidaregåande skule er dei som stiller med flest deltakarar.
Kommentarer på artikkelen “Nytt studium for leiarar i vidaregåande skule”
Skriv din kommentar