Rekordhøge søkjartal på Høgskulen i Sogn og Fjordane
– Søkjartala, og tal registrerte studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) har hatt ei fantastisk utvikling dei to siste åra, men dette toppar alt, seier opptaksleiar Arnstein Menes til firda.no. Men det er framleis ledige plassar.
– Vi er veldig nøgde og har lange ventelister på fleire av våre studium, så dette er veldig positivt, seier Menes til NRK.no.
Opptaksleiaren forklarer oppgangen med det han meiner godt rekrutteringsarbeid frå høgskulen si side, og at mange ungdommar er opptekne av friluftslivutdanningane som har blitt eit av varemerka til HSF.
– Sogn og Fjordane som studiestad er meir populær enn tidlegare, seier Menes. Høgskulen i Sogn og Fjordane har om lag 2700 studentar fordelt på studiestadane Sogndal, Førde og Sandane.
HSF har no venteliste på idrettsutdanningane, helse- og sosialutdanninga, og på dei nyoppretta studia fornybar energi og juss.
– Vi har likevel ein del ledige plassar som i dag blir lagt ut på Restetorget. Dette gjeld studieretningane samfunnsfag, historie og ungdomssosiologi, naturfag og geologi, i tillegg til nokre plassar på lærarutdanninga, opplyser Arnstein Menes.
Ønskjer du studieplass, kunne du frå og med 20. juli registrere inntil 10 Restetorgstudier på nettsøknaden din. Dette kan også vere studieønske som har falt bort fordi du i hovudopptaket fekk tilbod på høgare prioritert studium.
- Les meir på firda.no
- og NRK Sogn og Fjordane
Photo: Loren Kerns, Flickr CC2.0





Kommentarer på artikkelen “Rekordhøge søkjartal på Høgskulen i Sogn og Fjordane”
Skriv din kommentar