Stor interesse for fornybar energi
I 2008 tromma Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) og Vestlandsforsking (VF) saman krefter innan fornybar energi i eit program som skal løfte kunnskapen på fagfeltet.
Tekst og foto: Roy Sunde, Fylkesmagasinet
Auka interesse: Professor Erling Holden (biletet), som leiar forskingsprogrammet for fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane merkar aukande interesse for fagfeltet fornybar energi.
- OPPDATERING 20.11.2009: Høgskulen har bestemt seg for å tilby bahelorprogram i fornybar energi.
Programmet for fornybar energi var svaret på spørsmålet: Kva er vi gode til?
– Det byrja med tanken: Kvar er vi gode? Vi er i dag ikkje gode nok på teknologi til å starte eit reint teknologiprogram. Men innan utvikling av kunnskap om samfunnsmessige vilkår, knytt til produksjon og bruk av fornybar energi, der er vi ganske gode. Vi kan ikkje basere oss på eit reint teknomiljø. Vi må fokusere på samfunnvitskap, men med teknologisk innsikt, forklarar professor Erling Holden.
Han leiar i dag forskingsprogrammet for fornybar energi. Holden er utdanna sivilingeniør frå NTH i 1988, og vart dr.ing. ved NTNU i 2002. Han har jobba i Sogndal sidan 1995, som forskar og forskingsleiar ved Vestlandsforsking (VF) fram til 2008.
– Programmet samlar det beste vi hadde på høgskulen og i VF til ei samla og målretta satsing. Med på laget fekk vi sju kraftselskap i fylket, som finansierer oss med drygt 10 millionar kroner, samt at Sparebanken Sogn og Fjordane og Forskningsrådet også bidreg med pengar. Pengane blir blant anna brukt til å finansiere eit professorat innan fornybar energi, som eg innehar, og tre doktorgradsstudentar. Det er med andre ord fire fulle stillingar i programmet. Alle held til her i Sogndal, fortel Holden.
Det er mange omgrep innan energi, og Holden gjev gjerne ei rask innføring.
– Den grove inndelinga er som følgjer: Ikkje-fornybar energikjelder er kol, olje, kjernekraft osv. Dette er ressursar vi brukar opp, som tek millionar av år å fornye. Dei fornybare energikjeldene kan delast inn i tre kategoriar: Dei som er drivne av sola, jordvarme og tidevatn. Disse ressursane tek ikkje slutt så lenge jorda eksisterer og sola skin: Sol, vatn, vind, bioenergi, geotermisk energi, jordvarme, bølgjekraft, tidevasskraft, saltvasskraft osv.
Særpreg
Finansieringa er eit unikt trekk ved programmet, som går over fire år.
– At vi har fått med mange lokale aktørar til å fullfinansiere eit slikt forskingsprogram er uvanleg. Det er ein god måte å gjere det på. Det gjer at desse bedriftene føler nærleik og eigarskap til programmet. Det er viktig for å oppnå måla våre, seier han.
Måla med programmet er fleire.
– Vi ønskjer sjølvsagt å styrke forsking og utviklingsmiljøet (FOU) i fylket, til glede for både sjølve miljøet og bedrifter/forvaltning i fylket vårt som kan dra nytte av dette. Skal fylket vårt vere med på satsinga på fornybar energi som heile landet ser ut til å vere sterkt interessert i for tida, må ein ha eit sterkt forskingsmiljø. Og så må ein vere synleg, slår han fast og held fram. – Ein må ha eit sterk forskingsmiljø som blir lagt merke til nasjonalt. Det er ein avhengige av om ein skal lukkast, for eksempel i satsinga på vindkraft. HSF og VF er med i det nasjonale forskingsprogrammet om fornybar energi (www.censes.no). Her er NTNU, Universitet i Oslo, SINTEF, NHH og Institutt for energiteknikk med. Vi er med andre ord i godt selskap. Å vere på lag med dei store er viktig. Koplinga til dei store utdanningsinstitusjonane gjev oss høve til å samarbeide med dei, få lærekrefter hit osv.
Nytt studium
Å etablere forskingsprogrammet med professorat og doktorgradsstudentar var ein god start. I november kjem det kanskje ei sterk oppfølging også.
– Vi har planlagt eit nytt studium her på HSF: Bachelorstudium i fornybar energi. Om det blir oppstart blir avgjort av høgskulestyret no i november. Det kan bli oppstart alt hausten 2010 om dei seier ja. Studiet vil ha tre hovuddelar: Ein som går på teknologi, ein som går på økonomi og ein som går på arealplanlegging. Det er tre viktige forhold om ein skal drive innan fornybar energi: Det er ikkje nok å kunne teknologien, ein må også ha innsikt i økonomi og arealplanlegging. Det siste er viktig, fornybar energi er generelt veldig arealkrevjande.
Tanken er eit treårig studium, med cirka 20 studentar i eit kull, ganske likt studiet som starta opp ved Universitetet for miljø- og biovitskap (tidlegare landsbrukshøgskulen på Ås) i fjor, som har blitt ein stor suksess. Fagleg sett rettar vi oss ikkje til dei som vil bli ingeniør eller sivilingeniør, men til dei som vil utvikle kunnskap som må til for å ta i bruk teknologi, eller finne ut at ein skal la vere. Kunnskap som startar der laboratoriet sluttar, seier Holden.
– Det er tenkt å legge inn fordjupingsmoglegheiter, slik at ein kan gå vidare til ein master på Handelshøgskulen i Bergen, NTNU eller UNB. Dette blir eit breitt og tverrfagleg studie innan fornybar energi. Forskingsprogrammet for fornybar energi var eit viktig første skritt, som gav oss både eit professorat og doktorgradstudentar på feltet. Får vi dette studiet på plass, med mastergradmoglegheiter, har vi teke eit veldig godt andre skritt. Då vil vi ha eit veldig godt tilbod innan fagfeltet fornybar energi.
Stor interesse
Interessa for temaet fornybar energi er i vekst.
– Interessa for fornybar energi er veldig stor, og aukande. Og det er ikkje så rart. For å sitere ein student: Dette er jo sinnsykt interessant, slår han fast og ler. – Det som gjer dette fagfeltet så spennande er dei mange ulike retningar innan fagområdet. Du har på den eine sida klima og miljødimensjonen du kan fokusere på, eller du kan velje deg ut dette med energitryggleik. I takt med at oljeprisen stig blir også mange prosjekt innan fornybar energi plukka ned igjen frå hylla, når dei blir økonomisk levedyktige. Ein anna spennande dimensjon med fornybar energi er utvikling og nyskaping som følgje av satsing på slik energi. Det er mange spennande emne som fengjer mange på dette fagfeltet. Internasjonalt er det etter kvart enormt trykk på fornybar energi, seier Holden. – Det siste halvåret trur eg vi har halde bortimot 20 føredrag om temaet, på ulike kurs og konferansar. I dei fleste tilfella for personar over 25 år. Men gledeleg nok arrangerte vi 4. november vårt første seminar i fornybar energi retta mot yngre krefter. Deltakarane var studentar ved høgskulen, samt elevar frå vidaregåande skular her i Sogndal. Det var kjempeartig å kunne invitere inn unge menneske og fortelje dei om fagfeltet vårt.
Fagfeltet er av den sorten som vekkjer sterke kjensler.
– Det er ingen grunn til å undervurdere motsetnadene mellom tilhengarar og motstandarar av vindmøller for eksempel. Skal ein løyse klimaproblema må ein over på fornybar energi framover, men det kjem ikkje til å skje utan sverdslag. Blant anna fordi fornybar energi krev store areal, slår han fast.
– Samfunnsmessig kan ein trekke fram to viktige føresetnadar for satsing på fornybar energi: Korleis kan dette bli lønsamt, og kva virkemiddel kan ein nytte for å gjere det lønsamt? Det andre er dette med miljøet. Er det miljømessig lurt å gjere dette og kva blir konsekvensen? Eit tiltak kan godt vere lurt i seg sjølv, men det er ikkje alltid nok. Det som er godt for verda påverkar kanskje nærmiljøet uheldig, spør han. – Dei som ikkje vil ha fornybare energi vil måtte svare på følgjande spørsmål: Kvar skal vi hente energien frå i framtida? Fossile brennstoff er uheldige for naturen, og tek ein dag slutt. Det er heller ikkje nok å hente i framtida på energisparing til at ein slepp unna spørsmålet om korleis framtidig energibehov skal dekkast inn. Dei som er veldig tilhengarar av fornybar energi må på si side svare på spørsmålet om kva areal ein er villige til bruke opp til å dekke dette energibehovet. For det kjem til å bruke enorme areal. Dette er heller ikkje spørsmål ein kan rekne seg til svaret på, det handlar om politiske avvegingar. Eg er glad eg ikkje er politikar og må gjere dei, avsluttar han.





Kommentarer på artikkelen “Stor interesse for fornybar energi”
Skriv din kommentar