Traineear i Sogn og Fjordane fylkeskommune

publisert 01.11.2010 av Redaksjonen. Foto: Thomas Bickhardt, Bickfoto.no

Asbjørn Ness og Lisbeth Bringebøen har vore tilsett to og ein halv månad, og er godt i gang med arbeidsoppgåvene sine. Men kva er arbeidsoppgåvene deira, og kva er eigentleg ein trainee i fylkeskommunen?

Skilnaden mellom ein trainee og vanleg tilsett er mindre når det kjem til arbeidsoppgåver og ansvar. Ein får gjerne meir allsidige arbeidsoppgåver enn det ein får som ein ”vanleg” tilsett, og får lært mykje om alle delar av organisasjonen. Dette gjer at ein får erfaring frå fleire område, samtidig som ein kan velje å spesialisere seg eller fordjupe seg i særskilte arbeidsfelt.

Traineeordningar fungerer som eit verkemiddel for å vinne kampen om kompetansebasert arbeidskraft. Kriterium for å verte trainee varierer frå bedrift til bedrift, men som regel skal søkjar ha fullført studie på
bachelor- eller masternivå, og ha maks nokre få års arbeidserfaring.
Den regionale traineeordninga Framtidsfylket Trainee som Asbjørn (biletet t.h.) og Lisbeth er ein del av, har som overordna mål å auka rekrutteringa av høgt utdanna ungdom til fylket.

Les meir på traineesidene om:

Traineesamlingar med Framtidsfylket

Framtidsfylket Trainee har dette året 11 traineear, og gjennom året vert det organisert fleire traineesamlingar der det vert lagt vekt på nettverksbygging og personleg utvikling gjennom felles aktivitetar, prosjektarbeid og bedriftsbesøk. Den fyrste samlinga fann stad i Smørhamn i Bremanger kommune. Neste vert i Sogndal der traineeane mellom anna skal vitja og verta betre kjent med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

— Det viser seg at veldig mange lurer på kva ein trainee er, og spesielt korleis det er å vera trainee i fylkeskommunen, seier Asbjørn, og legg til at det å vera trainee i fylkeskommunen er ein god mogelegheit for å omsette kunnskapen frå skulebenken til praksis. Ein gjennomgår eit eittårig program som femnar om praktisk arbeid, prosjektarbeid, informasjon og opplæring. Gjennom dette blir traineen gjort kjent med fylkeskommunen og viktige samarbeidspartnarar, som t.d. Innovasjon Norge.

Denne kunnskapen kan ein berre få gjennom det å vere tilsett, og erfaringa vil vere gull verdt når året er omme. Etter det må traineeane søkje på eventuelle utlyste stillingar i fylkeskommunen, eller i andre bedrifter. Eit av måla til Framtidsfylket Trainee er at traineeen skal ha opparbeidd seg kunnskap om og kjennskap til bedrifter i fylket som kan ha behov for den gitte kompetansen traineen set på.

— Det er klart vi stilte spørsmål ved om vi kom til å få relevante arbeidsoppgåver, og om vi ville bli tilstrekkeleg investerte i då vi berre er inne for ei kort tid. Det kan ofte bli vurdert som enklare og mindre tidkrevjande å utføre ei arbeidsoppgåve sjølv enn å lære opp ein annan til å utføre denne uansett vanskegrad. Erfaringane til traineeane så langt er at dette absolutt ikkje er tilfellet i fylkeskommunen, då begge har fått diverse opplæring, og teke del i det dei karakteriserer som spennande og utviklande arbeidsoppgåver. 


Arbeidsoppgåvene i fylkeskommunen

Lisbeth (biletet t.h.), som vert spissa på næring, er blant anna med i eit prosjekt som skal hjelpe kommunane til å bli betre aktørar innan næringsutvikling. Ho tek og del i omstillingsarbeid dette året, og har observatørrolle i omstillingsstyret i Vågsøy. Vidare har ho fått dei fyrste søknadane ho skal vere sakshandsamar på, og har kursa seg i bl.a. PLP-metodikken som dreier rundt organisering og styring av prosjektarbeid. I tillegg vert det brukt ein del tid på informasjonsarbeid ved kontinuerleg oppdatering av næringsavdelinga sin del av heimesidene til fylkeskommunen.

Asbjørn vil i løpet av året arbeide med informasjonsformidling og utvikling av måtane formidlinga skjer på, med mål om å gjere fylkeskommunen meir synleg og tydleg. Dette arbeide omfattar både intern og ekstern formidling, der fylkeskommunen enten jobbar åleine eller med nokon. Intranettet og den grafiske profilen er to av områda det blir lagt vekt på framover. I tillegg er Asbjørn representanten til fylkeskommunen i ei prosjektgruppe på ein film om framtidsfylket Sogn og Fjordane. Utover dette  skal han delta på fleire av dei ulike arenaene der fylkeskommunen er tilstades. Mellom anna besøkte han ONS (Offshoremessa i Stavanger) i august, der fylkeskommunen har vore ein sentral aktør på Regional Pavilion, samlingspunktet for fleire offshore-aktuelle bedrifter i fylket.

— Læringskurva har vore utruleg bratt så langt, og i følgje traineeane frå i fjor vil denne fortsetje heile året, noko årets traineear òg ser veldig positivt på. Lisbeth og Asbjørn har fått tildelt kvar sin mentor i fylkeskommunen som kan fungere som fagleg rettleiar og tillitsperson. Mentor og trainee har saman utvikla ein samhandlingsplan der roller og forventingar til kvarandre er avklara.

Det er ingen tvil om at traineeane framleis er ved godt mot, og motivasjonskurva har fylgt læringskurva tett. Dei har som mål å læra mest mogeleg på kortast mogeleg tid, for å gjera ein best mogeleg jobb dette året.

— Vi har berre dette eine året å overbevise på for å bli vurdert blant aktuelle kandidatar i eventuelle utlysingar framover, og få gode referansar. Samtidig er det utruleg moro å vera god på det ein gjer, seier dei to med ei smil.

Alle foto: Thomas Bickhardt, Bickfoto

KOMPETENT GJENG: Traineeane i Framtidsfylket sitt traineeprogram 2010 - 2011. Foto: Thomas Bickhardt, Bickfoto.

Del denne artikkelen:

Gå tilbake til nyheitssida

Kommentarer på artikkelen “Traineear i Sogn og Fjordane fylkeskommune”

Skriv din kommentar

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt