VideoNor: - Skal få Norge på video frå Måløy
– Eg er mektig imponert over det som no skjer i Måløy. Det er fantastisk gledeleg å sjå så framoverlente, ekspansive teknologimiljø i Sogn og Fjordane, sa kommunal- og regionalministeren ved opninga.
– Det gjer at gründerar no søkjer hit for å realisere banebrytande teknologiprosjekt. VideoNor og Måløy bør vere til inspirasjon for andre, og syner kva moglegheiter ny teknologi gir for å utvikle næringsliv i heile landet.
Det sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho 7. mai reiv ei statleg reiserekning i to, overleverte eit tilsegnsbrev frå Innovasjon Norge på 2 millionar kroner, og over video opna den nye bedrifta VideoNor i Måløy. Selskapet har allereie tilsett 4-5 personar, og satsar på å bli ein attraktiv arbeidsplass for flinke folk som ønskjer seg ein spennande og utfordrande jobb i Måløy-regionen.
Videokonferanse like enkelt som mobiltelefoni
VideoNor blir starta av gründerparet Jørn Mikalsen (biletet) og Heidi Kopperud. Dei flyttar frå Oslo til Måløy for å etablere den nye bedrifta med 10 millionar kroner i lokal aksjekapital i ryggen. Den enkle ideen bak VideoNor er å gjere videokonferanse like enkelt å bruke som mobiltelefoni, særleg for små og mellomstore bedrifter over heile landet.
– Videokonferanseutstyr er i dag ”moden teknologi”, men barrierane for å ta det i bruk er for dei fleste framleis store på grunn av kompliserte brukargrensesnitt og mangel på enkle abonnementssystem, seier gründer Jørn Mikalsen.
– Vårt mål er at videokonferanse skal vere like enkelt og rimeleg å bruke som det er å bruke ein mobiltelefon. Nye, enkle system for videokonferansebruk etter modell av mobiltelefonimarkedet er kjernen for vår bedriftsetablering. Slike løysingar skal vi no rulle ut over heile landet frå basen vår i Måløy, seier Mikalsen. Den nystarta bedrifta fekk ved opninga eit tilsegn på 2 millionar kroner frå Innovasjon Norge for å utvikle ei nasjonal plattform for tenester som vil gjere videokonferanse like enkelt å bruke som ein mobiltelefon.
Ut av tidsklemma mellom fjell og fjord
Jørn Mikalsen og Heidi Kopperud fortel at Måløy og Sogn og Fjordane for dei byr på eit fantastisk høve til å realisere gründeridéen dei lenge har gått svangre med, samtidig som dei kan sleppe ”tidsklemma” dei har opplevd i Oslo dei siste åra med fleire timars pendling og kø kvar einaste dag.
– I Måløy kan vi bu nær fjell og fjord, ha topp utfordrande jobber og vere del av eit spennande, internasjonalt orientert teknologimiljø innanfor grøn IT og andre nyskapande bedrifter med miljøprofil. For oss er Måløy eit kinder-egg, seier det unge gründerparet.
I miljøet finn vi elles mellom anna bedrifter som LocalHost, EasyForm. NordWest3D og Stadt Towing Tank, eit dynamisk næringsutviklingsselskap (Måløy Vekst) og et kapitalsterkt næringsliv elles med basis i fiskeri og maritim sektor.
– Vi er tekne i mot med opne armar av eit næringsmiljø er prega av offensive haldningar, risikovilje og ei sterk entreprenørånd, seier Mikalsen og Kopperud.
Mange lovord
– Eg er utruleg imponert. Det VideoNor står for saman med resten av teknologimiljøet i Måløy er ei drivkraft for næringsutvikling eg sjeldan har sett maken til i løpet av dei tjue åra eg har jobba med næringsutvikling i fylket, seier direktør Halvor Flatland i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, som var til stades under opninga.
Tandberg/Cisco sin Nord-Europa-direktør Kjell Skappel var til stades per video under opninga og gav backing til den nye bedriftsetableringa:
– Dette er akkurat den type forbrukerretta etablering som videokonferanse no treng for å slå gjennom for fullt. Etableringa av VideoNor er viktig også nasjonalt, fordi den er med å bygge eit sterkt norsk kompetansemiljø på videokonferanse etter Ciscos kjøp av Tandberg. Og det må verkeleg vere noko spesielt med Måløy og Sogn og Fjordane når ein klarer å få tak i ein Tandberg-kapasitet som Jørn – som attpå til er nordlending som har blitt østlending, og eigentleg var klar for å forsvinne ut av Norge, sa Tandberg-direktøren med eit smil i sin opningstale.
– Minste og sprekast byen
– Måløy er den minste byen i Sogn og Fjordane, men har det sprekaste miljøet i fylket når det gjeld nyetableringar og teknologi, sa fylkesmann Oddvar Flæte i si helsing ved bedriftsopninga. Han la vidare vekt på kor godt VideoNor si etablering passar inn i den øvrige IT- og kompetansesatsinga som skjer elles i fylket gjennom Framtidsfylket, digital skuleplattform, fylkesdekkande it-tenester i helsesektoren og det nye ”Kunnskap krysser grenser”-prosjektet.
(Foto: Vidar Furnes, LocalHost)






Kommentarer på artikkelen “VideoNor: - Skal få Norge på video frå Måløy”
Skriv din kommentar