Framtidsfylket AS
Framtidsfylket.no tilbyr deg eit knippe verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar. Portalen er utgangspunktet for selskapet Framtidsfylket AS.
Bakgrunn
Initiativet til framtidsfylket.no kom frå traineear i fylket som ønskte å formidle det dei sjølve har erfart - nemleg at Sogn og Fjordane har et stort mangfald av spennande arbeidsplassar. Dei ni traineeane var tilsette i Vestlandsforsking, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høyanger Næringsutvikling og Sogn og Fjordane Energi.
Då arbeidet med nettportalen var sluttført, valde vertsbedriftene (ovanfor) saman med Hotel Alexandra og Domstein å stifte selskapet Framtidsfylket AS (våren 2008) med bakgrunn i portalen. Ein såg verdiane som hadde blitt skapt i denne prosessen og korleis samarbeidet på tvers av fylket kunne vere grobotn for meir. Sommaren 2009 gjennomførte Framtidsfylket ein emisjon og no er det totalt 25 verksemder (både offentleg og privat) som eig selskapet og dermed set rekruttering av høg utdanna unge vaksne høgt på dagsorden.
Framtidsfylket har no blitt Sogn og Fjordane si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag nettportalen framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Desse verktøy blir marknadsført aktivt opp i mot målgruppa gjennom at Framtidsfylket blant anna profilerer portalen gjennom kjøp av annonser, redaksjonell omtale og har stand på store messer på utdanningsinstitusjonser i Oslo, Bergen og Trondheim.
Framtidsfylket portal
Målet med framtidsfylket.no er å inspirere fleire potensielle tilflyttarar og heimflyttarar til å sjå etter jobbar i fylket, samtidig som ein skal gjere det lettare for bedriftene å nå ut til denne gruppa. Portalen formidlar óg informasjon om alle regionane i fylket – Sunnfjord, Nordfjord, Sogn og HAFS og alle våre 26 kommunar . Regionsidene er utvikla i samarbeid med ressurspersonar i regionråd og næringsorganisasjonar.
Framtidsfylket Karrieremesser
I februar/mars 2012 kunne studentar, arbeidstakarar og andre interesserte møte næringslivet i fylket på Framtidsfylket Karierremesser i Bergen og Trondheim. Vi kjem tilbake med informasjon om stad og dato for messene 2013 når dette er klart.
Les òg: Kvifor det ikkje var karrieremesse i Oslo i 2012
Framtidsfylket Trainee
Dette fylkesdekkjande traineeprogrammet har vore ein stor suksess både for bedriftene og traineeane. Det eittårige traineeprogrammet vert arrangert under merkenamnet Framtidsfylket Trainee og ordninga er open for alle bedrifter i fylket.
Sjå kva tidlegare traineear seier
Samarbeid
Framtidsfylket.no har heile vegen samarbeidd tett med fleire aktørar i fylket, som har støtta aktivt og vist interesse for å formidle informasjon om arbeidslivet i fylket. Finansieringa som gjorde prosjektet mogleg frå start kom frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NHO Sogn og Fjordane, IT-forum, Sogn Regionråd, Sunnfjord 2020, Sunnfjord Næringsutvikling og REKOMP-stiftinga. Responsen frå både bedriftene i fylket og arbeidstakarar har vore særs positiv.