Over 500 ville vite meir om Sogn og Fjordane på den sjette karrieremessa i Bergen
Interessa for å gjere karriere i Sogn og Fjordane ser ut til å vere svært så stabil skal ein dømme etter frammøtet på den sjette karrieremessa i regi av Framtidsfylket i Grieghallen. Mellom 500 og 600 interesserte var innom 51 stands for private og offentlege arbeidsgjevarar i dei fire timane messa varte onsdag ettermiddag og kveld.

Alle foto: Thomas Borgen Ha.
Mange av bedriftene hadde konkrete jobbar å tilby, medan andre nytta høvet til å marknadsføre seg som attraktiv arbeidsplass eller kommune å busetje seg i på lengre sikt.
Det var heller ikkje alle dei besøkande som var klare til å gå ut i arbeidslivet endå, men brukte messa til å sondere kva som finst av av arbeidsplassar når dei ein gong er ferdige med utdanninga si.
Under messa hadde sogning og NRK-kjendis Finn Tokvam eit talkshow på scena der han snakka med gjester om korleis det er å etablere seg i Sogn og Fjordane. Han hadde med seg traineear, ein gründer, og eit sambuarpar som i fjor valde å flytte frå Bergen til Sunnfjord: Solveig Grimelid frå Naustdal og Pål Anders Kårstad frå Gaular. Dei to valde å flytte heim i fjor etter mange år i Bergen, og busette seg i Førde som ligg midt mellom heimstadane deira. Solveig og Pål Anders vart presenterte i filmen om Framtidsfylket som vart vist på messene i fjor, då dei tok avgjerda om å flytte. At dei venta barn var ei avgjerande årsak til at dei valde å forlate storbyen.
Med Tokvam som intervjuar fortalde dei korleis det første året har vore. Begge var samde om at dei ikkje har angra, og tykkjer at kvardagen på mange måtar har blitt enklare:
– No har eg kort reisetid til jobben hos Sparebanken Sogn og Fjordane. I Bergen måtte eg gjerne bruke halvannan time i rushet for å kome til og frå jobben, sa Pål Anders.
Gründer Njål Hansen Wilberg frå musikkstreamingtenesta Beat.no på Mjømna i Gulen i Ytre Sogn hadde gode tips til korleis ein kan få brukt kompetansen sin sjølv om det ikkje finst relevante jobbar der ein aller helst vil busetje seg. Då Njål og kona hadde bestemt seg for å flytte til øya med 52 innbyggjarar ytst i Sognefjorden, så innsåg dei at for å få brukt kompetansen sin innan IT og journalistikk så måtte dei skape sine eigne arbeidsplassar. Og om det å etablere seg som gründer i Sogn og Fjordane, endåtil i eit lite samfunn, hadde Wilberg berre positivt å seie:
– Fordommar tilseier gjerne at vi skulle ha møtt på både bygdedyret og jantelova i ein slik situasjon. Men det har vi ikkje gjort. Vi har berre opplevd positiv støtte heile vegen. Det er sikkert ikkje at alle forstår kva vi driv med i Beat, men dei støttar uansett opp, seier Wilberg, som også har rekna ut at dei tilsette ved kontoret på Mjømna i snitt berre har seks minutt pendlarveg til jobben.
I samtale med Tokvam tok Wilberg også eit oppgjer med omgrepet ”flytte heim”:
– Ein omtalar gjerne det å flytte heim som noko endeleg i livet, ein ”flyttar heim – punktum”, og der blir ein til ein dør. Vi ser ikkje slik på det. I staden har vi valt å sjå på det å flytte heim til der vi kjem frå som ein av mange fasar i livet. Det er ikkje sikkert at vi blir her for alltid. Når ein tenkjer slik vert også heimflytting ei litt mindre alvorleg avgjerd – det er ikkje ”heim og punktum finale”.
Dagleg leiar Anne van Oorschot er godt nøgd med den første av årets to messer. Ho legg merke til at arbeidsgjevarane og kommunane vert meir og meir profesjonelle når dei byr seg fram overfor potensielle arbeidstakarar og heimflyttarar.
– I tillegg er arbeidsgjevarane stadig meir kreative, til dømes Sunnfjord Energi som delte ut billettar til jobbintervju, seier van Oorschot.
Same opplegg var det i Trondheim, då Framtidsfylket Karrieremesse 2012 vart skipa til på NTNU Gløshaugen 1. mars.

Framtidsfylket Karrieremesser
Framtidsfylket er eit initiativ frå næringslivet i Sogn og Fjordane, som har lyst å gjere aktive grep for å setje seg sjølv på kartet som ein stad der du kan gjere ei spennande karriere.
Målsetjinga med Framtidsfylket Karrieremesser er å vere ein møteplass for arbeidsgjevarar og potensielle arbeidstakarar, og å vise fram attraktive jobbar og buområde og kva som elles rører seg i Sogn og Fjordane.
På messene presenterer bedriftene og regionane seg på stands, og det vert servert tapas frå Sogn og Fjordane. Innimellom minglinga er det også program i plenum frå scena.







Kommentarer på artikkelen “Over 500 ville vite meir om Sogn og Fjordane på den sjette karrieremessa i Bergen”
Skriv din kommentar