Prestisjetung pris til Sogn og Fjordane Teater
Teateret i Sogn og Fjordane fekk i september Hedda-prisen for si satsing på ny nynorsk dramatikk. Ikkje mindre enn 21 urpremiar har teateret hatt sidan 2003.

'Ishuset' av Marit Tusvik er ei av Sogn og Fjordane Teater sine mange urpremiarar. Foto: Olav Reiakvam.
- For Sogn og Fjordane Teater betyr denne prisen veldig masse. Vi er eit lite teater og det å få ein så prestisjetung pris gjer noko med oss som kunstinstitusjon fordi det seier noko om at vi gjer ting riktig, seier teatersjef Terje Lyngstad til NRK Sogn og Fjordane.
Han trur også prisen kan verke positivt inn på rekrutteringa til teateret.
- Eg trur det er kjekt for både skodespelarar, regissørar og scenografar å kome til eit teater som blir sett pris på på denne måten.
Han trur det har vore eit lurt grep av teateret å satse på nettopp ny norsk dramatikk i eit regionalt perspektiv.
- På denne måten kan vi ha tekstar som fengar publikum i regionen. Vi har historier som rører folk her meir enn det kanskje hadde rørt folk i andre delar av landet, seier ein stolt Lyngstad til NRK.
Hedda-prisen er teaterbransjen sitt svar på Spellemannsprisen. Sjå også omtale på firda.no.
Men også andre kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane har fått positiv merksemd i det siste. Åmot Gard og gardsopera i Bygstad i Gaular, som set opp operaframsyningar og tilbyr matservering var på slutten av fjoråret nominert til reiselivsprisen i Innovasjon Norge si Skaperkraft.
Og Opera Nordfjord på Nordfjordeid opplever enorm publikumspågang framfor premieren på operaen om den legendariske fotball-VM-kampen mellom Norge og Brasil i 1998.
- Hedda-prisen er ikkje einaste kulturprisen til Sogn og Fjordane siste månaden. I september fekk Sigrid Moldestad frå Gloppen prisen for "Årets folkemusikar".







Kommentarer på artikkelen “Prestisjetung pris til Sogn og Fjordane Teater”
Skriv din kommentar