HAFS
HAFS er namnet på eit samarbeid mellom fem kommunar i Ytre Sogn og Ytre Sunnfjord, men blir her rekna som ein av fire regionar i Sogn og Fjordane. Namnet er sett saman av første bokstaven i fire av kommunenamna.
Geografisk er dette eit område der fjordar møter storhav – eit område prega av gamal kystkultur, men òg nye satsingar og næringar, til dømes øyhopping, skjergardsferiar og kajakkturisme. Askvoll og Fjaler ligg på kvar si side yttarst i Dalsfjorden. Hyllestad ligg på nordsida av munninga av Sognefjorden, og Gulen på sørsida. Øykommunen Solund ligg aller lengst vest i landet.
Båttransport er viktig i HAFS, og sjøvegen er det kort veg til Bergen. Næraste flyplass ligg i på Bringeland i Gaular. Den planlagde Dalsfjordbrua vil gjere HAFS-regionen til ein større bu- og arbeidsmarknad.HAFS har ein variert arbeidsmarknad med mykje industri, IT, handel og tenesteyting. Både knivar og ski blir tilverka på fabrikkar i området. I tillegg er landbruk, fiske og havbruk viktige.
Sjå ledige jobbar i HAFS.




