Nordfjord

NordfjordNordfjord ligg lengst nord i Sogn og Fjordane, på grensa til Møre og Romsdal. Regionen omfattar landskap frå fjellkommunen Stryn og ut til vêrharde Vågsøy. I den allsidige naturen kan du oppleve alt frå isbrear til vakre sandstrender med surfarar og ruskevêr på havet.

Næringslivet i Nordfjord er prega av nærleiken til sjøen, men det finst òg eit rikt utval av spennande arbeidsplassar i andre næringar. Regionen har senter for klesdesign, skipsdesign, spesialistar på automatisert produksjon og oppfinnarar som arbeider med heilt nye produkt. 

Fleire stader i Nordfjord finst det kreative fagmiljø som jobbar over store avstandar ved hjelp av moderne kommunikasjonsteknologi. Skuletilbodet omfattar mellom anna folkehøgskular med mellom anna sirkus- og hestelinjer og maritim utdanning på Vågsøy vidaregåande skule. Fritidstilbodet er som landskapet – mangfaldig, frå surfing ved Stadt til sommarski i Strynefjella, og frå Malakoff Rockfestival til Opera Nordfjord på Eid. 

Sjå ledige jobbar i Nordfjord.



Kommunane i Nordfjord

 Aviser i Nordfjord

Reiseliv

 

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt