Bremanger

Rockemiljø. Industri. Nederlandske tilflyttarar.

Kalvåg i Bremanger.

Godt plassert mellom Florø og Måløy ligg kraftkommunen Bremanger. Frå Ålfotbreen i aust til havet i vest er kommunen eit Sogn og Fjordane i miniatyr - med bre, fjord, hav og fjell.

Arbeidslivet i kommunesenteret Svelgen er dominert av Elkem Bremanger, ei høgteknologiverksemd som er i verdsklasse på sitt felt. Elkem si satsing på Solar kan gje Svelgen ny vekst og kompetansearbeidsplassar. Elkem har elles gitt ei knoppskyting av lokale, spesialiserte underleverandørar. Dette er òg tilfelle i ein annan vekstsektor, steinindustrien.

Fisk og marine næringar er tradisjonelt sterke i kommunen. Smørhamn, med si strategiske plassering, er eit satsingsområde for petroleumsrelatert industri. Det blir i dag satsa tungt på oppdrett av  laks og torsk. Lokalt finn ein både yngelproduksjon, settefiskanlegg, matfiskproduksjon og slakteri. Ei anna lokal vekstnæring er reiseliv. Knutholmen i Kalvåg vart i 2010 kåra til den andre beste gjestehamna i landet.

Livskraftige bygder og gode lokalmiljø med desentralisert skule- og barnehagetilbod er karakteristisk for Bremanger. Kommunen har full barnehagedekning, eit godt kulturskuletilbod og eit sterkt musikkliv, med Musikkweekend i Bremanger som høgdepunktet på sommaren gjennom 20 år. Bremanger Hamn og Næring jobbar aktivt for å få fleire til å bu og skape seg arbeid i kommunen, og tilbyr støtte til nyetableringar, ikkje minst gjennom entreprenørskap i skulen. Kommunen har eigen tilflyttingskonsulent og mange har valt å flytte til Bremanger, ein del frå Nederland.

Lenker: 

Fakta om kommunen

Næringsliv

Lokale portalar

Reiseliv

Tilflytting
Marcel Meijer: (0047) 909 51 349
Rekrutteringsinformatie in het Nederlands

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt