Eid
Opera og rock. Fjordhest. Robotar. Sirkus. Fornybar energi.
Eid er eit fargerikt knutepunkt mellom Nordfjord og Sunnmøre, og den sentrale plasseringa midt i Nordfjord gjer at minst 50 000 nordfjordingar og sunnmøringar kan nå kommunesenteret Nordfjordeid med ein times køyring.
Handelssenteret Nordfjordeid har synt seg som ein god og sterk motpol til større sentra som Førde og Ålesund, og opprustinga av den særprega ”Eidsgata” (biletet) med gamle trehus gjer sentrum til ein triveleg stad å vere. Dei årvisse sommarshoppingane kvar laurdag i sommarmånadane har gitt eit yrande folkeliv.
Kulturlivet i Eid har blomstra kraftig dei siste åra, med opera og rock i spissen. Musikklivet er blitt eit varemerke for kommunen, og har langt på veg gitt Eid eit nytt kulturhus som blir samlokalisert med Eid vidaregåande skule.
Eid har sterke kompetansemiljø innan arkitektur, fjordvarme, bølgjekraft, automasjon, robotteknikk, musikk og medisin. Kommunen har mellom anna det største arkitektmiljøet i Sogn og Fjordane, landets einaste nasjonale fjordvarmesenter og 100 personer som jobber innan kommunens sterke elektro- og automasjonsmiljø. Her kjem kundane frå heile Noreg.
Ikkje minst er Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter svært viktige arbeidsgjevarar. Fjordane folkehøgskule tilbyr kurs i fjordhesthald, sirkus, glas, kunst og interiør.
Sjølv om det meste av offentleg og privat tenesteyting ligg på Nordfjordeid, er bygdene i kommunen svært livskraftige, med aktive bygdelag og gode skule- og bustadområde.
Lenker:
Fakta om kommunen
Kultur og oppleving
Skule og næring