Gloppen

Aktivt musikkliv. Breiddeidrett. Landbruk. Meieri. Hurtigbåtar.

GloppenGloppen er synleg nasjonalt på fleire måtar. Noko av det som stammar frå Gloppen er glasa på Gardemoen Lufthavn, Norvegia og brunost frå Tine, toppmoderne hurtigbåtar med låge utslepp, flytogfrontar og undervassdeksel for oljeinstallasjonar i Nordsjøen. Gloppen produserer store mengder straum og stortalent innan idrett og musikk.

Gloppen er den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Landbruket syter også for at kulturlandskapet vert halde ved like og at Gloppen er eit populært reisemål. Skulane er ein annan viktig nisje. Firda vidaregåande skule er kjend for eit breitt tilbod innan kreative fag, medan Høgskulen i Sogn og Fjordane tilbyr spesialpedagogikk. Nordfjord Folkehøgskule har fokus på natur og friluftsliv, og Gloppen Opplæringssenter er kjende innan norskopplæring for framandspråklege.

Gloppen er kjend for eit sterkt miljø innan breiddeidrett, med store namn som Odd-Bjørn Hjelmeset, Roger Aa Djupvik , Rune Bolseth og Morten Aa Djupvik. Kommunen har òg lange tradisjonar som kulturberar. Musikklina ved Firda v.g. skule i saman med Gloppen Musikkskule, distriktsmusikarane og frivillige lag og organisasjonar er drivkreftene i kulturlivet i Gloppen. På musikkfestivalane kan du lytte til kammermusikk i flyhangar eller lytte til intense rytmar frå rockegrupper i Jølet – eit nydeleg museumsområde med historie og sjel. Fordi kulturen vert stadig viktigare for Gloppen har kommunen satsa stort på gigantprosjektet Trivselshagen.

Sandane Næringshage er mellom dei som tilbyr kompetansearbeidsplassar. Næringshagen er òg aktiv i utvikling og nyskaping. Bygginga av Trivselshagen er viktig for dei skule-, kulturelle og idrettslege miljøa. Sandane Næringshage arbeider elles med bioenergi og småkraftverk, som del av ei satsing på landbruksbasert næring. Ein ny fórfabrikk er under etablering på Sandane.

Lenker:

Fakta om kommunen 
 
Kultur
 
Andre lenker 

Gloppen

Kommunesenter: Sandane
Innbyggjartal: 5.673
(2. kvartal 2009)
Kjelde: SSB (klikk her for meir fakta om Gloppen)

Logg inn på Framtidsfylket

eller Avbryt