Hornindal
Nasjonal levekårsvinnar. Tradisjonsberar. Treteknologi. Europas djupaste innsjø.
Hornindal kommune med kommunesenteret Grodås blir eit regionalt knutepunkt når den nye E39 Kvivsvegen opnar i 2011. Trass i at Hornindal er ein av dei minste kommunane i Sogn og Fjordane både i flatevidd og innbyggjartal, grensar han fem kommunar: Stryn og Eid i Sogn og Fjordane, i tillegg til Stranda, Ørsta og Volda i Møre og Romsdal. Eit flott terreng og gode snøtilhøve gjev gode vilkår for turar og skiaktivitetar.
Hornindal er tradisjonelt kjent for sterke kulturtradisjonar, med Svor-museet til minne om bilethoggaren Anders Svor, folkemusikk og treskjering som grunnpilarar. Somme av tradisjonane er vidareutvikla med moderne teknologi, der Ekornes Grodås er ei av landets mest moderne treteknologiske verksemder. Grodås mønsterteknologi er ei anna høgteknologisk verksemd basert på treteknologi.
Hornindal vart i 2007 kåra som landets beste kommune å bu i. Kommunen ligg også langt framme på andre område. Nyleg var kommunen mellom dei beste på service og den tredje beste eKommunen i 2006. Full barnehagedekning, ein god og moderne skule og gode pleie- og omsorgstenester gjer òg sitt til at Hornindal er mellom landets beste kommunar å bu i.
Lenker:
Fakta om kommunen
Andre lenker

