Selje
Vêrharde Stadt. Klosterruinar. Sandstrender og surfing.
Selje ligg heilt nordvest i fylket, som ein knyttneve ut mot det barske Stadhavet, eit av landets hardaste havstykke. Kombinasjonen av ein fantastisk natur og sterke naturkrefter legg til rette for flotte opplevingar nesten så langt vest på fastlandet som du kan kome.
På vestsida av Seljeøya ligg ein av dei eldste kristne heilagstadane i landet, og legenda vil ha det til at den irske kongsdottera Sunniva rak i land der etter å ha rømd frå ein vikinghøvding som ville ta ho til kone. Ho blei seinare utropt til helgen, og i 996 bygde Olav Tryggvason ei kyrkje på staden.
Selje har landets største havgåande lineflåte og ein landskjend plastbåtindustri. Vi har ein framtidsretta industri og gode forhold for havbruk og landbruk. På Flatraket ligg suksessbedrifta Fiskevegn. For dei som er glade i bølgesurfing er Hoddevika og Ervika kjent som nokre av dei beste surfestadene i landet. Mange kjem òg for å besøkje Selje kloster. Vestkapp ytst på Stad er ein annan kjend stad med eit fabelaktig utsyn over det ville havet i området.
Selje er ein god stad å bu med mange aktivitetar å ta del i. Kommunen ynskjer å skape ein god stad å vekse opp, bu og arbeide. Eit godt og kreativt næringsliv ynskjer å bidra til å utvikle seg sjølv og samfunnet rundt. Her legg vi til rette for å utvikle eksisterande og nytt næringsliv på ein måte som skal gagne alle.
Snøggbåtsambandet nordover frå Bergen har endestogg i Selje. I det røffe Stadhavet er det planar om ein skipstunnel mellom Kjødepollen og Moldefjorden.
Lenker:
Fakta om kommunen
Kultur og oppleving




