Stryn
I tillegg til å vere den store turistkommunen i Sogn og Fjordane, er Stryn òg kjent som kommunen for kreativitet og design.
Her har ein fått fram nye og spennande bedrifter som Moods of Norway (biletet), Farmhouse og Aloha Hemp i tillegg til veletablerte verksemder som Ricco Vero, Skogstad Sport, Dooria, Vest og Hagen.
Stryn er ein kommune med stort mangfald i både næringsliv, kulturliv og natur. Med sommarski og fjordrafting, bussproduksjon og moteklede, korps og sommarrevy er spennet stort og mulegheitene mange for både den faste innbyggjar og den tilreisande.
Aktiv satsing på næringsutvikling, gründerånd og eit breitt kulturtilbod har vore Stryn sitt varemerke i mange år.
Fakta om kommunen
Næringsliv
- Stryn næringshage
- Reisemål Stryn Nordfjord
- Moods of Norway
- Farmhouse
- Aloha Hemp
- Ricco Vero
- Skogstad Sport
- Dooria
- Hagen Treindustri
- Vest
- Nordfjord Kjøtt (sjå NRKs Fylkesleksikon)
- Hotel Alexandra
Kultur, idrett og oppleving
Nyhende frå Stryn















