Vågsøy
Dei maritime og marine næringane står sterkt i Måløy og Vågsøy, ytst i Nordfjord.
Måløy har den sise tida kome på topp 10 i kåring av Noregs beste næringslivsbyar, og Vågsøy scorar høgt blant landets beste gründerkommunar. Vågsøy er ein kommune med mange gründerar og kapitalsterke investorar.Det boblar og veks i kreative, nye næringsmiljø som teknologibedriftene i ”Teknopollen” og den nye private næringsparken Maritim Park.
Vågsøy ligg ytst i Nordfjord. Kommunesenteret Måløy har bystatus. Vågsøy er landets nest største fiskerikommune – tre av dei ti største fiskeriselskapa i Norge har hovudkontor i Måløy.
Næringslivet i Måløy har alltid vore internasjonalt orientert. Bedriftene kjøper og sel sjømat over hele verda. Basert på dette har det òg vakse fram eit variert næringslivsmiljø elles, med alt frå hovudkontor for salsselskap, møbelindustri og IT-bedrifter.
Vågsøy husar den einaste vindparken i Sogn og Fjordane, og vil snart få dei første testområda for nye konsept innanfor offshore vindkraft. (Sjå video frå vindkraftmiljøet i Måløy.)
Vågsøy har eit yrande kulturliv og sterk dugnadsånd. Mange er aktive i kor, på danseskule, i kunstlag og idrett. Friluftsmulighetane, særleg knytt til sjøen og den heilt spesielle kystnaturen, er uendelege.
Lenkjer: