Sogn
Omgrepet ”sogn” tyder eit geografisk område. Sogn er både mytisk og fasinerande, der verdas lengste fjord strekkjer armene sine 204 kilometer frå havet inn under Jotunheimen. Her, mellom dei høgste fjella i Nord-Europa, budde jotnene – kjempane i norrøn mytologi. Sogn er eit syn for gudar, og er er ikkje utan grunn at Sognefjorden jamleg vert kåra til verdas vakraste reisemål. FN definerer majestetiske Nærøyfjorden til å vere eitt av dei viktigaste natur- og kulturområda i verda.
Flåm er den tredje største cruiseskiphamna i landet, og kvar sjette turist i Noreg er innom Flåm.
Flåmsbana er eit ettertrakta reisemål, i tillegg til Norsk Villakssenter i Lærdal, Norsk Bremuseum i Fjærland, stavkyrkjene i Vik, Kaupanger, Undredal, Borgund og Urnes. Sogningane sjølv reiser også til bokbyen i Fjærland, Balejazz i Balestrand, Fjellfilmfestival på Turtagrø, Nynorske Litteraturdagar i Aurland, medan ”Saftkokaradn”, supportergruppa til Sogndal Fotball, syng ”Stao nao pao” når det er duka for eliteseriefotball på Fosshaugane Campus. Sogn er ei bryting mellom det tradisjonelle, det ungdommelege, det spenstige og det sanselege. Sogn er eple, frukt og foredling. Sogn er kraft, energi og industri. Sogn er høgskule, kunnskap og oppseding.
Det er 26 kommunar i fylket, og Sognefjorden er felles for 12 av desse. Sogn regionråd er eit samarbeidsorgan for sju sognekommunar. Balestrand er ein av fleire perlar i Sogn, og er saman med Aurland dei to fremste reiselivskommunane i fylket. Vik er ei fengslande flott landbruks, industri- og reiselivskommune. Både Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune har Leikanger som sin administrative base. I regionsenteret Sogndal finn du ”the Wall” – ein av dei største innandørs klatreveggane i Europa, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking og Sogn folkemuseum.
Ein gong var dei 161 trehusa frå 1700- og 1800-talet på Lærdalsøyri den største tettstaden i fylket. I dag er nøkkelorda landbruk, sjukehus, kraftproduksjon og reiseliv. Kraftkommunen Luster er ei folkerik reiseliv-, landbruk- og industrikommune, med Sogn skisenter, badeland, Jostedalsbreen – og porten til Jotunheimen.
Den sanne oppdagingsreisa er som kjent ikkje å finne nye landskap, men å sjå med nye auge!
Kommunar:
Media:
(Foto: Tor Yttri)