Årdal
Industrielt knutepunkt. Friluftsbad. Mektige fjell og fossefall.
Industrikommunen Årdal ligg tett på Jotunheimen. Frå kjende, solide industribedrifter er vegen kort til flott natur og rik kultur.
Vatn er fellesnemnaren. Årdal er kjend for vasskraft og energikrevjande industri. Ei hektisk og vellukka omstilling har òg gjort Årdal attraktiv som etableringsplass gjennom nye industriarbeidsplassar - mellom anna innan fornybar energi. Dei største bedriftene er Hydro Årdal, Dooria, Norsun og HMR. Årdal har landets største tettleik av personar med doktorgrad.
Årdal har eit godt og tørt klima. Friluftsbada, med oppvarma vatn i tre basseng i Øvre Årdal, og to på Årdalstangen, er ein populær attraksjon. Utladalen er det djupaste dalføret i landet, og inst i dalen stuper Vettisfossen, Nord-Europas høgste fossefall, 275 meter ned frå Vettismorki. Tindevegen, fjellvegen som går frå Årdal til Turtagrø, gjev ein storslegen tur langs tinderekkja i Jotunheimen – også kalla Noregs tak.
Årdal er knytt til stamvegen E16, og er lett tilgjengeleg både frå aust og vest. Reisetida til Bergen og Oslo er 3 til 4 timar. I sommarhalvåret er Tindevegen del av den kortaste strekninga mellom Bergen og Trondheim.
Lenker:
Fakta om kommunen
Andre lenker


