Aurland
Aurland kommune er velsigna med to store reiselivsmagnetar, Flåmsdalen – med Flåmsbana og Nærøyfjorden. Flåmsbana fraktar kvart år kring ein halv million menneske mellom Aurlandsfjorden og Bergensbana; Nærøyfjorden er eit vakkert fjordlandskap med levande, små grender. Aurlandsdalen er dessutan eit svært kjent turområde.
Kommunesenteret i Aurland ligg på Aurlandsvangen, i Vangen sokn. Dei andre sokna er Flåm, Undredal og Nærøy, der Gudvangen ligg i enden av fjorden. Aurland er ein stor kraftkommune. I sør og aust grensar han mot Hordaland og Buskerud, og det er relativt kort reiseveg både til Oslo og Bergen.
Aurland er kjend for å satse på økologi og naturbruk, og Sogn jord- og hagebruksskule har ei landsline i økologisk landbruk. Den vesle bygda Undredal har eit stort geitehald, og eit av Aurland sine mest særeigne produkt er nettopp den kvite geitosten som blir laga der, i tillegg til brun geitost. Undredal har òg den minste stavkyrkja i Skandinavia som framleis er i bruk.
Lenkjer:
Fakta om kommunen
Andre lenker




